– Ei betre førebudd befolkning styrkjer heile Noregs beredskap. No oppmodar vi også verksemdene til å førebu seg. Det er viktig for kvar enkelt bedrift, men også for kundar, brukarar og heile samfunnet som er avhengig av at verksemdene fungerer, seier justisminister Astri Aas-Hansen (Ap).
Torsdag presenterte justisministeren og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) eigenberedskapsråda for alle norske verksemder. Dei tilrår alle å ha ein plan for kva dei gjer ved ulike kriser.
Straum og knekkebrød
Hushalda våre fekk i fjor ein brosjyre med råd om eigenberedskap. Befolkninga vart beden om å førebu seg slik at dei har dekt dei mest grunnleggjande behova i ei krise. Det gjeld å tenkje gjennom korleis ein held varmen, får lys og lagar mat om straumen forsvinn, om ein har nok vatn og haldbare matvarer, sikrar seg informasjon, har nødvendige legemiddel og det ein treng for hygiene.
Direktør Elisabeth Aarsæther i DSB seier at råda har hatt stor effekt, og i dag kjenner dei fleste vaksne til råda.
– For å ha eit samfunn som fungerer godt i alle slags situasjonar, er det avgjerande at også verksemder er førebudde på å handtere kriser. Ei bedrift som har ein plan B, gjer Noreg meir robust og er med på å styrkje samfunnstryggleiken, seier DSB-direktøren.
Slik lagar du ein plan B
Det er spikra fem råd til korleis alle verksemdene skal gå fram: 1. Kartlegg kritiske område, 2. Vurder konsekvensane av forstyrringar eller stans, 3. Skaff oversikt over avhengnader, 4. Gjennomfør tiltak for å sikre drift og 5. Ha ein plan for gjenoppretting og normalisering.
Direktoratet ber leiarar tenkje gjennom kva aktivitetar som er dei mest kritiske og kva aktivitetar bedrifta er avhengig av. I tillegg må ein tenkje over konsekvensane dersom det blir eit avbrot i verksemda. Det kan vere om omdømmet lid, eller det kan vere alvorleg konsekvens for enkeltpersonar eller andre verksemder.
På same måte må ein få oversikt over dei viktigaste ressursane som ein er heilt avhengig av.
Leiaransvar
Deretter må ein tenkte på kva ein vil gjere for å sikre at verksemder kan halde fram, uansett årsak. Til slutt er det godt å ha ein plan for kva ein gjer for å komme tilbake til normal drift etter hendinga.
– Eg håpar alle med leiaransvar les råda og vurderer kva som kan gjerast for å styrkje beredskapen på arbeidsplassen sin. Dette handlar ikkje berre om å verne eiga verksemd, men om å bidra til eit meir robust Noreg, seier Aarsæther i DSB.
(©NPK)