Under namnet «Sted Sarandos», sprang den engelske artisten inn på 2.59.14 under Berlin Maraton søndag.

Harry Styles, tidlegare medlem av boybandet One Direction, kom altså under tre timar – som er ein milepæl for fleire løparar.

Harry Styles

POPARTIST: Harry Styles.

Foto: Evan Agostini / AP / NTB

– Viss du spring på under tre timar i forholda som var i Berlin, så har han lagt ned ein betydeleg innsats, seier Kristian Ulriksen til NRK.

Ulriksen er friidrettsekspert og supermosjonist, og i mange år dreiv han NRK-podkasten «I det lange løp» med Jann Post. Ulriksen kom sjølv i mål på tida 2.29.28 i Berlin søndag.

Berlin Maraton blir rekna som eit av verdas raskaste maraton.

Ifølgje løpemagasinet Runner’s World skal det ha vore 24 grader og høg luftfukt under løpet.

Arrangøren har bekrefta til AP at Styles sprang løpet.

I mål blei han fotografert i lag med Richard Whitehead, som har vunne to paralympiske gullmedaljar på 200 meter.

to menn tmmel opp

I MÅL: Harry Styles (t.h.) i lag med Richard Whitehead i målområdet etter løpet.

Foto: Skjermdump frå Instagram / @richard_whitehead_mbe

– Det er veldig imponerande

– Det er vel ganske stor forskjell på kva desse musikarane gjer, nokon tek heroin og andre drikk vatn, seier Kristian Ulriksen.

Han rosar den engelske artisten for at han vel å springe.

en mann med solbriller

SUPERMOSJONIST: Kristian Ulriksen sprang på 2.29.28 under Berlin Maraton.

Foto: Jørgen Ryggvik Karlsen / NRK

– Det er jo mest sannsynleg gunstig både for musikk-karrieren og for resten av livet, å halde seg i god fysisk form, legg han til.

Søndagens maraton var Styles sitt andre for i år. I mars sprang han Tokyo maraton på tida 3.24.07.

Ein som er godt kjend med å kombinere artistliv med løping er Daniel Kvammen. Han er imponert av prestasjonen til Styles.

– Tre timar – det er liksom den magiske grensa, seier Kvammen.

– Det er veldig imponerande. Det krev veldig mykje arbeid å få det til. Det er ikkje noko ein berre kan dra ut av hatten, legg han til.

Daniel Kvammen under Allsang på grensen i 2019

LØPEGLAD: Daniel Kvammen har sprunge fleire distansar, som heil- og halvmaraton og ti kilometer.

Foto: Thomas Andersen / TV 2 / NTB

– Vanskeleg å kombinere

Kvammen har sjølv sprunge både heil- og halvmaraton, og viser til tida 1.17 på halvmaraton som sitt beste resultat.

– Eg har jo prøvd å drive med turnear og slikt samstundes som eg trenar til løp. Det er utruleg vanskeleg å kombinere, fordi ein har så varierande arbeidstid: opp tidleg og seint og lite rutinar, seier Kvammen.

Han legg til:

– Det å trene til eit maraton er jo ekstremt rutineprega. Du må jo på ein måte dedikere og leggje ned veldig mange timar og halde det jamt i fleire månadar. Det er ikkje optimalt.

– Får mykje meir overskot

– Løping er for mange like mykje psykologisk greie som det er trening. Det er like mykje mental trening og pause frå det vanlege livet, seier Kristian Ulriksen.

programledere i det lange løp

LØPEPODKAST: Kristian Ulriksen har var fast med på NRK-podkasten «I det lange løp» i lag med Jann Post.

Foto: Sigmund Sagberg Andersen/NRK

Daniel Kvammen, som har sprunge i ni år, er klar på kor viktig løping har vore for karrieren.

– Det har vore heilt ubeskriveleg bra for min artistkarriere, og då meiner eg verkeleg. Ein får mykje meir overskot av det å vere i god form, både mentalt og fysisk. Og reint arbeidsmessig, korleis ein kan bevege seg på scena, men også slik kreativt, det er veldig bra for hovudet, seier Kvammen.

Han legg til:

– Eg forventar at Harry Styles kjem med ei veldig bra plate nå.

Publisert

22.09.2025, kl. 18.39

Oppdatert

22.09.2025, kl. 19.03