Det er herleg å vere kaptein for AaFK Fortuna måndag. Tre nye poeng blei sikra i helga, og med det tok dei eit stort steg nærare opprykk.
– Eg har det veldig fint. Livet er lett når ein vinn fotballkampar. Det var lett å stå opp i dag og gå på jobb, smiler kaptein for AaFK Fortuna, Mette Muri.
To lag frå Møre og Romsdal kan rykke opp i Toppserien
Kapteinen har grunn til å smile. For når tre serierundar står att ligg laget på andreplass på tabellen, berre eitt poeng bak serieleiaren i førstedivisjon.
Og kanskje enda viktigare: Det er heile sju poeng ned til fjerdeplass.
I år vil dei tre øvste laga i førstedivisjon rykke opp til Toppserien etter at det blei bestemt at den blir utvida frå 10 til 12 lag neste år.
AaFK Fortuna må derfor berre vinne éin kamp til for å sikre opprykket.
Laget har dei to siste sesongane hatt mål om opprykk, men det har mislykkast.
I år har laget hatt ein annan strategi enn tidlegare for å prøve å nå målet. I staden for å fokusere på resultat, så har dei jobba med å ha fokus på eigen prestasjon for å utvikle spelet sitt. I tillegg skryt kapteinane av korleis treningskvardagen har vore.
ARKIVBILDE: Kaptein Mette Muri og resten av AaFK Fortuna kan også rykke opp dersom Molde vinn over Åsane neste serierunde. Da kan ikkje Åsane som er på fjerdeplass ta igjen AaFK Fortuna.
Foto: Frederik Winness Ringnes / Frederik Ringnes/NRK
– Og no er vi i ein posisjon som er veldig kul å stå i der vi manglar éin siger.
– Så vi er veldig fornøgde, og gler oss masse til neste kamp, seier Muri.
Molde kan gå frå 2. divisjon til Toppserien på to sesongar
Og med seg opp i den øvste divisjonen kan AaFK Fortuna få med seg Molde. Molde rykte opp til førstedivisjon til denne sesongen. Med ein førebels tredjeplass på tabellen har dei no sjans til å rykke opp til Toppserien etter berre éin sesong i førstedivisjon.
Trenar i Molde, Kent Rudning, er fornøgd med at dei ligg såpass høgt på tabellen, og glad for at dei spelar om opprykk.
Trenar i Molde, Kent Rudning, bør vinne to kampar til for å vere sikra opprykk.
Foto: Roar Jonny Strøm / NRK
– Det er utruleg artig. At vi sjølv har sett oss i den posisjonen gjer at vi har gjort noko rett i løpet av sesongen. Det er ei spelargruppe som har jobba knallhardt frå vi byrja i januar og fram til no. Det er utruleg kjekt å ha vore med på den reisa der, seier Rudning.
Han trur AaFK Fortuna rykke opp, men tør ikkje anna enn å håpe at eige lag skal klare det.
Kaptein for Molde, Laura Guldbjerg Pedersen, tør meir enn å håpe.
ARKIVBILDE: Kaptein Laura Guldbjerg Pedersen har trua på at dei klarer opprykk. Ho meiner laget er best når dei møter god motstand. Her førebur laget seg til trening.
Foto: Remi Sagen / NRK
– Vi har det i våre eigne hender. Eg har rimeleg god tru, og god kjensle om at vi skal få det til, seier ho.
Trur på opprykk
Både AaFK Fortuna og Molde har dei siste åra jobba hardt for å nå toppen. No får dei lønn for strevet. Tidlegare verdsmeister i fotball, Ann Kristin Aarønes, trur begge laga kan nå Toppserien neste år.
– Det er tredje året vi prøver. No har eg verkeleg trua. Og så er det sterkt av Molde som nyopprykt, som ligg an til å rykke opp vidare eitt steg, seier Aarønes.
Ann Kristin Aarønes er tidlegare verdsmeister i fotball. No jobbar ho i AaFK.
Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
Aarønes er tidlegare spelar for Spjelkavik og Trondheim/Ørn. Dei siste åra har ho jobba i administrasjonen i AaFK.
Aarønes meiner at satsinga på betre lønn og vilkår i kvinnefotballen er viktig for framgangen.
– No har forholda endra seg. Du kan både få lønn og anna, som gjer det lettare å halde på spelarane, seier Aarønes.
Sikra seg stor sponsoravtale
Begge laga sikra seg denne sesongen ein stor sponsoravtale frå Sparebanken Møre. Dei neste fem sesongane vil begge laga årleg få 7 millionar kroner.
Til samanlikning hadde to av dei største klubbane i Toppserien, Rosenborg og Brann, i fjor totale sponsorinntekter på rundt 8 millionar kroner, ifølge VG.
Begge klubbane er svært fornøgde med sponsoravtalen dei sikra seg.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
Kapteinen på AaFK Fortuna meiner avtalen har mykje å seie.
– Det at dei i år går inn med ein såpass stor sum det viser at dei verkeleg satsar og har trua på oss og ønsker å løfte jentefotballen i Møre og Romsdal, så dei pengane har vore gull verdt for oss, seier ho.
Maria Elena Kvalen er nestleiar i AaFK Fortuna og Aalesunds fotballklubb. Det er same styre i begge klubbane, som blir fusjonerte 1. januar 2026.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK
Maria Elena Kvalen er nestleiar i styret i Aalesunds fotballklubb. Ho seier sponsoravtalen har gitt klubben viktig handlingsrom, og at den også gir spelarane ein meir profesjonell kvardag.
– Den har vore kjempeviktig.
Det same meiner kollegaene i Molde, som viser til at både rammene rundt kamp, og innsatsen i laget blir påverka.
Uansett er fokuset nå på dei tre siste serierundane i begge klubbane.
– Akkurat no ser det veldig bra ut, men jobben må gjerast framleis, vi har ein kamp igjen vi må vinne. Så sjansen er stor, men jobben må framleis gjerast. Det er det kjedelege svaret, seier kaptein i AaFK Fortuna, Mette Muri.
Publisert
22.09.2025, kl. 17.03