Lærdal sjukehus er lokalsjukehuset for om lag 27 000 innbyggjarar i Indre Sogn. Sjukehuset har ikkje berre pasientar frå Indre Sogn, men også frå fylke som Hordaland, Buskerud og Oppland.
Å leggje ned ortopediavdeling og barselavdeling kan fort bety starten på slutten av sjukehuset. Som nemnd tidlegare kjem folk frå heile landet for å få behandling i Lærdal.
Sjukehuset i Lærdal skapar eit høgt tal arbeidsplassar, og gjer bygda meir attraktiv å bu i. Det er viktig for distriktet, og ei lita bygd slik som Lærdal.
Tilbodet i Lærdal bør bestå. Det er langt for nokon frå Borlaug og skal reise til Førde for ein sjekk. Det er lettare for lærdølene, men også innbyggjarane rundt Lærdal. Det er kortare reiseveg. Legane på sjukehuset sitt også på ein enorm kompetanse. Dersom barsel og ortopedi forsvinn frå sjukehuset, vil dette ha ringverknader på resten av behandlingstilbodet. Til slutt kan det bety kroken på døra.
I 2013 byrja mor mi å få problem med kneet. Når ho kom opp til Førde Sentralsjukehus blei ho feildiagnostisert, og fekk ein operasjon som ikkje skulle skje. Etter eit par år og fire nye, men unødvendige, kneoperasjonar enda det opp med at mamma var nøydd å få protese i kneet. Hadde det ikkje vore for Lærdal sjukehus, og dei tilsette der kunne mamma ha hamna utanfor arbeidslivet.
FSS er eit stort sjukehus, med mange tilsette. Det er ikkje til å stikke under ein stol at feilbehandling kan skje, og gjerne meir dersom sjukehuset blir utvida.