Grashoppa 4H ville markera «Kom deg ut-dagen», og Bygdekvinnelaget ville ha fokus på reduksjon av matsvinn.
Sole skein, fjorden var blikkstille og om lag 50 sambygdingar møttest til leik, drøs og god mat. Badminton, teikning med kritt, bading, fisking og båttur var aktivitetane. Kråkebollefangst vart det og.
4H og bygdekvinnelaget markerte «Kom deg ut-dagen», med fokus på å redusera matsvinn.
Foto: Siv Helle Prestegard
Frå Spar Nå fekk Bygdekvinnene mat som var gått ut på dato, men fullt brukande. Ingrid Nå stilte med «kakk-egg», John Otto Svalheim gav lov til å plukka nedfallseple, Joar Aga gav saft, og borna kunne delta i å laga nydeleg pizza, bananpannekaker og eple med kanel og sukker steikt i aluminiumsfolie, servert med vaniljesaus!
Fjøro på Nå er eit perfekt samlingspunkt i bygde. Spar Nå hadde ope toalett, der ligg to robåtar i båthamna som kan lånast (redningsvestar også), picnic bord og benkjer står klare, samt to grillar.
Bygdekvinnelaget heldt appell:
Matsvinn er etandes mat og drikke som blir kasta utan å bli eten av menneske. 450.000 tonn mat blir kasta i Noreg, til ein verdi av 22 milliardar kroner (2023-tal). Verdien av maten me kastar utgjer mykje pengar, men også utslepp av klimagassar og unødig bruk av land, vatn og energi.
Bading i båthamna på Nå.
Foto: Siv Helle Prestegard
Et god mat – ikkje kast den i bosset eller vasken. Mykje mat er godt brukande sjølv etter datoen er overskriden. Bruk lukt, smak og syn – så sparar du pengar og miljøet!
Oppskrift på bananpannekaker:
½ banan (kan vera mørkebrun utanpå, men like god inni), 1 egg, ein knivspiss salt, 1 spiseskei potetmjøl, 9 spiseskeier lettkokte havregryn (eller til passeleg røre), steik dei på begge sider ca. 10 cm i diameter store, enten i olje eller smør.
Tusen takk til alle som hjelpte til med råvarer og grillar. Takk til alle som kom og delte ein strålande dag med oss. Alle blei mette for kr. 24 pr. person!