Direkte omsett betyr «destination dupes» destinasjonsduplikat. I praksis betyr det mindre kjende alternativ til populære reisemål. Det er ofte rimelegare alternativ til dyre merkevarer, som er like bra eller nesten like bra som originalen.
– Vi kjenner godt til den trenden. Det starta i sosiale medium der folk la ut bilete med tittelen «This is not» og så namnet på ein kjend stad. Det er derimot ein meir eller mindre ukjend stad som fotografen synest er like vakker. Dette har skapt interesse, og slik har det vorte ein trend, seier Anne-Signe Fagereng, ansvarleg for forbrukarmarknadsføring i den offisielle norske reiseguiden og nettportalen Visit Norway.
Underteikna såg uttrykket «destination dupes» for første gong då reiseoperatøren Apollo i januar la fram det dei meinte kom til å bli dei store reisetrendane for nordmenn i 2025. Presseansvarleg i Apollo Martina Krantz sa då at nordmenn tidlegare har vore kjende for å vere vanemenneske, men at ting er i ferd med å endre seg.
Ho var klar på at nordmenn no, etter fleire år prega av jakta på populære og «instavenlege» reisemål, vil oppdage «dupes og ekte reisemål». Krantz trur stadig fleire av oss vil droppe dei mest kjende reisemåla til fordel for mindre kjende stader. Det vil bidra til å setje nye destinasjonar på kartet, men også føre til at dei reisande kjem nærmare dei lokale innbyggjarane og den lokale kulturen.
Stader utanfor turistløypa
Fagereng i Visit Norway fortel at det er ein del av jobben til reiseguiden, som i hovudsak rettar seg mot utanlandske turistar, å vise at Noreg har mykje å by på også utanfor dei mest kjende reisemåla. Men dei nyttar ikkje uttrykket «destination dupe» i marknadsføringa si.
– Vi ser her i landet at på stader som Lofoten og Tromsø kan det vere veldig mange turistar i høgsesongen. Då er det viktig for oss å peike på til dømes Vesterålen og Senja som alternativ. Også i Geiranger på Sunnmøre kan det vere fullt i høgsesongen, og då vil vi vise at der også er fleire alternativ i nærleiken, som Nordfjord eller Sunnfjord, seier ho til Nynorsk pressekontor.
Fagereng nemner også Bergen, Preikestolen og Trolltunga som døme på populære reisemål der det kan bli litt mange turistar i periodar.
Ho fortel at dei på nettsidene sine har artikkelen «Alternative reisemål», eller « Beyond the hotspots » på engelsk, der dei tilrår reiser til andre stader enn dei aller mest populære, eller til andre tider på året.
Utlendingar vil oppleve naturen
– Det er heilt klart naturopplevingane som er viktigast for utanlandske turistar som vitjar Noreg. Det er nordlyset og det arktiske, polarnatta, fjordane og midnattssola, men vi ser også auka interesse for Noreg som vinterreisemål. Dette fordi vi har mange snøsikre stader, seier Fagereng.
Ho har også inntrykk av at norske storbyar har blitt stadig meir interessante for såkalla «city breaks», altså kortare byferiar. Ho meiner Noreg har fleire museum og kulturopplevingar i verdsklasse og at vi blir stadig betre på mat.
Stort potensial
Det er sjølvsagt slik at det er ein grunn til at ein del stader har blitt turistmagnetar, og alle stader er unike. Men det er ingen tvil om at det framleis er mange potensielle attraksjonar her i landet, som i dag i hovudsak blir brukte av dei lokale innbyggjarane.
Besseggen i Jotunheimen er stadig like ettertrakta, og med svært mykje folk på dei mest populære dagane om sommaren og hausten. Det same gjeld Romsdalsegga i Møre og Romsdal. Langt færre kjenner til Dravlausegga i Sykkylven i same fylket, sjølv om turen er vel så spektakulær som dei to andre. Eller Urkeegga i nabokommunen Ørsta.
Utsiktspunktet Himakånå i Rogaland blir nemnt som alternativ til Trolltunga. Fjellformasjonen i Tysvær blir sagt å vere nesten like spektakulær som den meir kjende turistfavoritten.
Eksempla på «tvillingar» til kjende turistmål er mange både her i landet og i utlandet.
Internasjonale reisemål
I Hellas blir til dømes folkelege Naxos trekt fram som eit alternativ til meir glamorøse Santorini eller Mykonos. Budva i Montenegro blir omtalt som «dupe» for Dubrovnik.
Albania blir framstilt som erstatning for kjende feriestader i Hellas og Kroatia. Tallinn i Estland er aktuell i staden for Praha eller København. Madeira kan vere erstattar for Kanariøyane, medan området rundt Bledsjøen i Slovenia blir framstilt som like vakkert som sveitsiske alpelandskap.
Felles for alle desse alternativa er at dei er billegare og mindre turistifiserte enn dei meir vidkjende reisemåla, men kan ofte by på like flotte opplevingar.
– Få kan konkurrere med Noreg
Reiseguruen Jens Risnæs har på Visit Norway sine nettsider lagt ut ei oversikt over det han kallar « mindre opplagde reisemål », som han meiner er like givande som dei meir kjende. Han hevdar det er få land som kan konkurrere med oss når det gjeld skjønnheit. Han nemner spesielt fjordane, dei lyse sommarnettene, nordlyset, Golfstraumen og tydelege sesongskifte.
På lista hans finn vi blant anna Vågsøy og Stadlandet, kysten nord for Sognefjorden, dalane som leier til Trollheimen og Dovrefjell, Lysefjorden med Preikestolen og Kjerag, Ålfotbreen og Nordfjord, frå toppen av Hardangervidda ned til fjorden, seglskutebyen Skudeneshavn i Rogaland og sjølvsagt mange stader i Nord-Noreg.
Forslag til reisemål i utlandet:
* Choqueqirao i staden for Machu Picchu, begge i Peru.
* Lombok i staden for Bali i Indonesia.
* Taipei på Taiwan i staden for Tokyo i Japan.
* Perth i staden for Sydney i Australia.
* Toronto i Canada i staden for New York.
* Utrecht i staden for Amsterdam i Nederland.
* Torino i staden for Milano i Italia.
* Girona i staden for Barcelona i Spania.
(Kjelde: Kilroy og Reiseteam)
(©NPK)