– Det er frykteleg surt, fortel friidrettsutøvar Per Svela til NRK.
Etter ein litt trå start på sesongen, begynte det å losne for 33-åringen i august. Og mens treningskameratane Narve Gilje Nordås, José Carlos Pinto og Kieran Lumb alle har vore i VM i Tokyo, jobba Svela for sitt eige mål i haust, nemleg København halvmaraton.
– Eg kjente kroppen var i godt gang, og bestemte meg for å prøve meg på ein halvmaraton nå i haust. Eg har trena for det i mange veker, fortel han.
Men så blei løparen med fleire NM-medaljar biten i kneet av ein hund under oppvarming til ei av dei siste intervalløktene før konkurransen.
– Det medførte at eg måtte sy fire sting, ta stivkrampe, ein penicillinkur og ein den etterfølgande veka med halting. Det blei betent og sårt, så eg kunne ikkje springe på ei veke. Dermed røyk heile oppkøyringa, fortel Svela, som seier hunden var i band, men at han ikkje rakk å komme seg unna.
SPRINGEDUO: Per Svela og Narve Gilje Nordås før 5000 meter i NM i 2025. Nordås vann, Svela blei nummer fire.
Foto: Paul S. Amundsen / NTB
– Halta rundt
Først håpa han å vere tilbake i trening etter nokre få dagar, men det gjekk ei veke utan at han kunne springe. København halvmaraton blei arrangert under to veker etter at skaden oppstod.
– Det var så stivt og ømt, og blei betent, så eg halta rundt og berre det var ei utfordring. Det var frustrerande, seier Svela, som forklarer at han er godt vand til hundar og har hatt fleire sjølv.
Svela fortel at han politimelde forholdet. Sør-Vest politidistrikt bekreftar at dei har fått ei melding i samband med eit hundebit under ein løpetur, men vil ikkje gi fleire opplysningar.
BLODIG: Per Svela tok bilde av kneet da han kom seg heim etter løpeturen.
Foto: Per Svela / Privat
– Korleis går det?
– Eg har begynt å jogge igjen, og det er ikkje spesielt vondt, men sjølve såret såg litt betent og stygt ut. Eg har gått på ein penicillinkur og ikkje fått store infeksjonar i alle fall. Det ser ut som det hjelper med ei salve eg har fått, men det tar litt tid, og det blir nok eit arr, men det kan eg leve med, svarer Svela.
– Stakkars kar
Treningskamerat Nordås har fått høyre om den uheldige skaden.
– Ja, stakkars kar. København halvmaraton gjekk jo i dass for å seie det sånn, for det gjekk ned til beinet dessverre. Eg synest synd på han, for han var i god form igjen. Omsider, etter ein seig vår, var han klar til å springe 61 minutt på halvmaraton. Så det er kjipt, seier Nordås til NRK.
Svela er usikker på kva det neste store målet blir for hans del.
– Nå har eg jo fått eit påtvinga skadeavbrekk, så det blir nok nokre rolege veker for å få heilt orden på det. Så håpar eg å få med meg nokre gateløp utover hausten. Eg får legge nye planar, for tankar var å avslutte nå, men eg får justere det, seier han.
Publisert
23.09.2025, kl. 11.11