Det norske herrelaget i 4×7,5 km stafett måtte i 2014 ta til takke med fjerdeplass, men blir no flytta opp til medaljeplass etter at den russiske løparen Evgeny Ustjugov er diskvalifisert for doping.
Den russiske skiskyttarprofilen Jevgenij Ustjugov fekk ei to år lang dopingutestenging for å ha brukt oksandrolon, eit anabolt steroid, i 2020.
Dommen blei anka til Den internasjonale skilsdomsretten for sport (CAS), og har sidan hatt ein uavklart status i rettssystemet. Inntil no.
– Har eg det? Det er første reaksjonen frå Emil Hegle Svendsen når NRK ringer og gratulerer med medalje i OL.
Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix
– Det skjer med jamne mellomrom at ein blir ringd opp med beskjed om at ein har vunne ein ny medalje, seier Emil Hegle Svendsen.
Han legg til:
– Det er hyggeleg å få ein medalje til i statistikken, men du får ikkje same kjensla når du vinn ein medalje på sjølve dagen. Så det blir ei amputert feiring.
Johannes Thingnes Bø seier at det kjennest godt at rettferda skjer fyllest. Om enn på overtid.
– Eg veit at sånne prosessar tar tid, seier han.
– Så det var … ja … Ein har liksom gløymt det litt, før det plutseleg blåsar litt opp igjen. Og så høyrer ein ting, og så høyrer ein ikkje noko. Men no er det endeleg offisielt.
Bø-brørne i 2014.
Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix
– Bra at det endar på ein rettferdig måte
Thingnes Bø presiserer at minna frå Sotsji -OL framleis er sterke og at det å få ein OL-medalje «trass alt er kjempestort».
– Det å få medaljane i mål elleve år på overtid, er det like stort som å få dei under meisterskapen?
– Det er jo litt annleis. Men det er kanskje ekstra kjedeleg for dei som hadde den eine moglegheita.
– Laget vårt er over snittet meritterte, heile gjengen. Så euforien er kanskje ikkje så ekstrem.
To dopingsaker
Ustjugov har hatt to dopingsaker knytte til namnet sitt dei siste åra. Den eine relaterer seg heilt tilbake til OL i Vancouver i 2010 og omhandlar uregelmessigheiter som blei oppdaga i blodpassen hans.
Den andre har bakgrunnen sin i funn som blei gjort i databasen til det russiske antidopinglaboratoriet i Moskva.
Som følge av den førstnemnde saka blei Ustjugov dømt til fire års utestenging, samtidig som alle resultata hans i perioden 2010 til utgangen av 2013/14-sesongen blei sletta.
I sak nummer to blei han utestengd i to år. I samband med dette blei russaren og den tidlegare lagvenninna hans Svetlana Sleptsova diskvalifisert frå alle konkurransar mellom 27. august 2013 og ut den følgande sesongen.
Dommane blei avsagde at Det internasjonale skiskyttarforbundets antidopingpanel.
Den russiske skiskyttaren anka begge dei to dommane til Den internasjonale skilsdomsretten for sport (CAS). Ankeutvalet i idrettsdomstolen i Sveits valde likevel å oppretthalde straffene.
Ustjugov gjekk deretter til sveitsisk høgsterett for å få Cas-rettsavgjerdene gjort om, men heller ikkje der fekk han medhald.
IOC har nå sett endeleg punktum for medaljefordelinga.
(NTB)
Lagkamerat Ole Einar Bjørndalen har tidlegare sagt at det er «total katastrofe» og «heilt meiningslaust» korleis bronsemedaljen har late vente på seg.
Det norske laget bestod av Tarjei Bø (1. etappe), Johannes Thingnes Bø (2. etappe), Ole Einar Bjørndalen (3. etappe) og Emil Hegle Svendsen (4. etappe).
Etter diskvalifiseringa av Russland, får Tyskland gull, Austerrike sølv og Noreg bronse.
Kristen Skjeldal fekk OL-medalje i posten
Det er ikkje første gong at medaljerekneskapen kjem på overtid, og med sendingar i posten.
I 2003 fekk Kristen Skjeldal sin første og einaste individuelle OL-medalje i posten, meir enn eitt år etter jaktstarten i Salt Lake City-OL.
Skjeldal rykte opp til medaljeplass etter at tysk-spaniaren Johann Mühlegg blei fråteken alle medaljane sine.
For tre år sidan blei det norske kvinnelaget på skiskyttarstafetten i Sochi flytta opp frå bronse til sølvplass som følge av ein russisk dopingdom.
Noreg tok dermed totalt 27 medaljar i vinter-OL i 2014: 11 gull, 6 sølv og 10 bronse.
Diskvalifiseringa av Ustjugov betyr også at Emil Hegle Svendsen får forbetra plasseringa si frå 7. til 6. plass på jaktstarten. Ustjugov blei nummer fem i denne øvinga, som blei vunne av franske Martin Fourcade.
I 2003 fekk Kristen Skjeldal sin første og einaste individuelle OL-medalje i posten, to år etter jaktstarten i Salt Lake City-OL.
Foto: Mette Anthun / NRK
Publisert
23.09.2025, kl. 09.15