«Vipps-ran» går ut på å truge nokon til å opne betalingstenesta på mobilen sin og sende pengar til anten gjerningspersonen eller nokon andre hen kjenner. 

I nokre tilfelle blir også fornærma tatt med til næraste minibank for å ta ut pengar.

Politiet har tidlegare åtvara om den forholdsvis nye ransmetoden, som i dei aller fleste tilfelle blir gjennomført av mindreårige mot mindreårige.

Ein no 18 år gamal mann er i Buskerud tingrett dømd til eitt års fengsel for seks ran og eitt ransforsøk etter denne metoden.

Må i fengsel

TV 2 skreiv om tiltalen mot den unge mannen i august.

Fleire av rana vart utført i fellesskap med andre og tingretten er ikkje nådige i skildringa si av korleis dette har blitt opplevd.

– Det står fram som målretta, med alvorlege trugslar om represaliar om ein melder frå til politiet. Alle offera har hatt reaksjonar i ettertid og dei fleste har endra måten dei lever sine liv på, samanfattar tingretten i dommen.

Fleire av ransoffera er under 16 år.

Totalt skal mannen ha truga til seg eit pengebeløp på rundt 30.000 kroner, i tillegg til å ha tatt eit par med Apple Airpods frå ein av dei fornærma.

I dommen kjem det fram at eitt av ransutbyta gjekk til noko så trivielt som å betale for ein pizza han åt saman med kompisane.

Han møter barna i fengsel: – Her kan de ikke slå seg ut

Ungdomsstraff vs. fengsel

I utgangspunktet meiner retten passande straff for ein vaksen person er over to års fengsel.

Men i dette tilfellet var den utanlandske statsborgaren 17 år på gjerningstidspunkta. I tillegg er han dømd for liknande tilfelle av grove ran tidlegare.

Det store temaet i retten var difor kva straff han skulle få. Forsvararen bad om ein kombinasjon av ungdomsstraff og fengselsstraff.

Unge lokkes til å «vippsvaske» penger: – Vi ser trusler om vold

Derfor vart det fengsel

Retten framhevar at tenåringen sjølv ønskjer å gjera ei endring i sitt eige liv for å kome seg ut av den kriminelle bana han har hamna i.

I fengselet har han starta på skule og han held avtalane med barnevernstenesta.

– Retten meiner likevel det er for stor risiko for at tiltalte ikkje klarar å gjennomføra endringane i praksis. Han har tidlegare vist at han ikkje klarar å halde seg unna kriminalitet når han ikkje har dei rammene rundt seg som eit fengsel representerer, skriv dei.

At han har tilstått finn dei også formildande, og til slutt landar retten på at eitt år fengsel er riktig straff.

Han må også betala til saman 150.000 kroner i oppreisningserstatning til sju ransoffer.

TV 2 har ikkje lukkast med å få kommentar frå mannens forsvarar. Han har to veker på seg til å anke og dommen er difor ikkje rettskraftig.