Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette Marit på besøk i Hemsedal. Foto: Tor Folgerø

– Så utruleg fint der er her, også utan snø, sa kronprinsen då han tala til alle som hadde møtt fram i skuleområdet på Trøim litt etter klokka 13:30.

Han nemnde dei mange gode minna han har frå bygda, i Gummiskogen eller andre plassar han har besøkt i helgar og skiferiar.

Kronprinsessa med

Kronprinsesse Mette Marit var med på besøket i Gol tidlegare på dagen, og det såg lenge ut til at kronprinsessa måtte stå over i Hemsedal. Men like før programmet starta, kom meldinga om at Mette Marit også vat med til Hemsedal.

Det var alle strålande fornøgd med.

Kronprinsparet vart møtt av offisielle personar med ordførar Pål Rørby i spissen. Deretter venta Sunniva Dahl Hølto og Nils Herman Gyllenhammar, elevar ved barneskulen, med flotte blomar til gjestene.

Kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit får blomar av Sunniva Dahl Hølto og Niels Herman Gyllenhammar i Hemsedal under fylkesturen i Hallingdal. Foto: Ole Berg-Rusten / NTBBlomsterbarn Nils Herman Gyllenhammar og Sunniva Dahl Hølto. Foto: Tor FolgerøAnnleis-bygda

Så gjekk kronprinsparet vidare, helsa på andre born og smilte til alle som hadde møtt fram denne flotte haustdagen.

Ordførar Pål Rørby ønskte kronprinsparet velkommen til annleis-bygda Hemsedal. Ei bygd med vekst i folketalet.

– Her er folk glad i naturen, aktive og tek vare på kvarandre, sa Rørby som og minna om utfordringa med å gje plass til alle i arbeidslivet.

Kronprinsparet og statsforvaltar blir ønska velkomen av ordføraren på talarstolen. Foto: Tor Folgerø– Fint, også utan snø!

Etterpå var det kronprins Haakon sin tur.

Det var her han poengterte kor fin bygda var, også utan snø.

Kronprins Haakon talar i Hemsedal. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Han minna og om at det var i Hemsedal Ingrid Alexandra køyrde sitt fyrste freeride-renn, noko som ikkje minst gjorde faren stolt.

Han trekte også fram Ingrid Wigernæs, ein hemsedøl som har betydd mykje for langrennssporten. Og unge talent som markerer seg langt utanfor bygda.

– Hemsedal er noko så sjeldan som ei internasjonal bygd, sa han. Og ikkje berre det; her lever dei lengst i landet. Kronprinsen funderte på om det hadde med det å kome seg ut i naturen å gjere.

– Det er veldig hyggeleg å vera her, avslutta han.

Danseoppvisning for kronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit i Hemsedal. Foto: Ole Berg-Rusten / NTBThe Voice-Andrea

Så var det program frå scenen. Andrea Bredesen Holm, kjent frå The Voice, song. Så overtok dei yngste, som fortalde om eit internasjonalt miljø i bygda. Og ikkje minst leverte dei flott song.

Ibsen fekk også sin plass i programmet. Ungdomsskuleelevar viste utdrag frå Terje Vigen, på halling.

Ibsen-innslag frå scenen. Foto: Tor Folgerø

Så venta folkedans i kombinasjon med skating. Gamalt og nytt.

Lokalmat og KI

Etter programmet tok kronprinsparet seg god tid til å helse på folk som hadde møtt fram. Særleg unge som vart spurt kva dei dreiv med og kva planar dei har vidare.

Deretter venta besøk i eit større telt, der bedrifter og foreningar fekk presentere seg. Kronprinsparet følgde nøye med og stilte gode spørsmål. Så venta lokalmat av beste slag. Og kaffi.

Siste stopp i det offisielle programmet var besøk i KI-labben, eit tiltak der unge vaksne utan arbeid lærer seg nye ferdigheiter innan KI. Det handlar om innovasjon og inkludering.

Før kronprinsparet forlèt Hemsedal vart det halde eit pressemøte der heile pressekorpset fekk stile spørsmål. Om turen i Hallingdal, og også om den mykje omtalte dokumentarfilmen om prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett.

Kronprins og kronprinsesse – frå programmet ved Hemsedal skule. Foto: Tor FolgerøKronprins Haakon og kronprinsesse Mette-Marit i Hemsedal under fylkesturen i Hallingdal. Foto: Ole Berg-Rusten / NTBIbsen-skodespelarar klare bak scenen. Foto: Tor FolgerøFestkledd bygd får ventemusikk frå Andrea Bredesen mens kronprinsen er på veg frå Gol. Foto: Tor Folgerø