Jon Espelid frå Treungen bur i Oslo og spelar trommer både i bandet Pumpegris og med Symre.
Ole Kristian Børset

Under By:larm førre helg blei bandet Pumpegris kalla fram på scenen som Årets Stjerneskudd. Trommeslagar Jon Espelid frå Treungen blei svært overraska. – Det hadde eg aldri trudd skulle skje. 

By:Larm er ein årleg musikkfestival og bransjekonferanse i Oslo som kombinerer konsertar med nye og etablerte artistar og ein møteplass for den nordiske musikkbransjen.

– Pumpegris, bandet eg spelar i, blei oppmoda til å kome på festivalen, og eg skulle også spele konsert saman med Symre (Taugbøl Bang, red. merk). Men eg trudde ikkje bandet vårt ville få pris, fortel treungen som er busett i Oslo. 

Bandet Pumpegris har eksistert i fire år og er sett saman av Vera Sonne (vokal), Trygve Liahagen (fele), Astrid Garmo (synth/gitar/vokal), Mikkel Bjørneboe (bass) og Jon Espelid (trommer). 

Jon fortel at tre av medlemmene har utgangspunkt frå folkemusikk, to har bakgrunn frå jazz/soulsjangaren.

– Me kjem alle frå musikkhøgskulen i Oslo, og slapp det fyrste albumet vårt i mars i år. Endeleg hadde me råd til å gå i studio og spele inn låtar, fortel han. 

Og Pumpegris sitt debutalbum «Fritids», hausta gode kritikkar, mellom anna ein seksar frå folkemusikk-kritikaren til NRK som til dømes skreiv: «Seige, laus­sleppte synth­soloar. Harske fele­tiradar. Utflytande, svermeriske klang­murar frå ein øyre­døyvande, forsterka gitar. Eit stort arsenal perkusjons­instrument som raslar, klirrar og groovar i bakgrunnen. (…) Eg blir fullstendig rive med av musikken og føler at musikken har nerve og er ektefølt.»

– Albumet blei tatt godt imot, ja det var over all forventning, meiner musikaren frå Treungen.

Tett i toppen

By: Larm melder på heimesida si at nivået har vore skyhøgt – og sjeldan har dei opplevd ein jamnare topp for å finne den rette mottakaren av prisen årets Stjerneskudd. 

– Likevel hende det noko heilt spesielt i juryrommet i år. Frå første minutt i vårt siste møte var alle jurymedlemmene 100 prosent einige. Det er første gong på mange år me har stått så samla med ein gong om at årets stjerneskot på by: Larm, det er Pumpegris, uttala juryleiar Malin Kulseth under prisutdelinga i Oslo førre laurdag. 

Juryen meiner bandet utmerker seg med feite låtar, steinharde slåttar og ærlege tekstar der vokalist Vera Sonne strekkjer seg frå kveding til rap. Pumpegris dreg liner frå funk, shoegaze, visepop og hiphop – og tek fatt på alle tradisjonane med ei kraft som gjer folkemusikken til noko nært, skite og groovy.

Debutalbumet Fritids, produsert av Tuva Syvertsen, viser eit musikalsk univers der norsk kulturarv møter notida sin ungdom – slåttar møter rap, fuzzgitar møter salmetonar, og kontrasten mellom sårbarheit og humor er gjennomgåande.

By:larm melder vidare at Årets Stjerneskot 2025 er meint som eit dytt i ryggen til ein ung og ambisiøs artist. Og Norsk Tipping er stolte over å gje Pumpegris moglegheita til å satse endå sterkare i ein karriere som alt skyt fart. I prisen ligg også 500 000 kroner frå Norsk Tipping til vidare karriereutvikling. 

– Me håpar at både den økonomiske støtta og anerkjenninga frå bransjen vil inspirere og gje ekstra kraft til vegen vidare, uttala Pål Enger i Norsk Tipping og la til Pumpegris er komne for å spreie den norske folkemusikken med fest og faenskap – akkurat slik han oppstod. 

Årets stjerneskudd

Tidlegare vinnarar av Årets Stjerneskudd: Girl in red, Sassy 009, Metteson, Isah, Jonas Benyoub, Swank Mami og Randi Oline.

Juryen er sett saman: Malin Kulseth (juryleiar), Guro Furunes Pettersen, Mathias Vasbotn Remmereit, Mira Berggrav Refsum, Sverre Aksel Eilertsen og Janne Monsen Tveit.

Kjelde: By:Larm

Ein halv million 

Jon meiner gåvesjekken gjev bandet mange nye moglegheiter, og VTB undrar kva pengane skal gå til?

– Eg prøva å overtale dei til eit veldig dyrt trommesett, seier han og humrar, men fortel vidare at midlane kanskje kan dekke eit par nye plateprosjekt. 

Han kan garantere at det blir fleire skrive-campar i tida som kjem, for enno er det ikkje materiale klart til ei ny plate ennå. 

– Kanskje me kan gje ut ny musikk om halvtanna år med Pumpegris. Med Symre var me ferdig i studio for eit par veker sidan, seier Jon som går ei travel og spennande musikalsk framtid i møte.