Ifølgje kjelder Sogn Avis har vore i kontakt med, mottok kommunedirektør Tor-Einar Skinlo sist fredag eit formelt varsel om oppseiing.

Etter det me erfarer er varselet underteikna av KS-advokat Øyvind Gjelstad, som har bistått formannskapet som arbeidsgjevarutval i handsaminga av Skinlo sitt arbeidsforhold.

Frå før er det kjend at kommunedirektøren tidlegare i månaden fekk eit tilbod om sluttpakke. Dette tilbodet takka han nei til.

Det er førebels ikkje kjend korleis Skinlo stiller seg til den siste utviklinga, men han tidlegare stadfesta til Sogn Avis at han er sjukemeld.

Oppvekstssjef Kenth Rune Teigen Måren skal fungera som kommunedirektør dei neste vekene.

Sogn Avis kjem tilbake med meir om saka.