Me står framfor ei spanande tid. Forsvaret skal ruste opp og Ulstein og regionen er ein sterk kandidat til å ta del i det nye industrieventyret. Difor må me stille oss eit avgjerande spørsmål: Kva identitet og verdiar skal kommunen vår byggje på? Kva skal til for å tiltrekkje oss talentfull arbeidskraft? Og – kanskje viktigast av alt – korleis sørgjer me for denne arbeidskrafta vert verande? At dei vert innbyggjarar som vil leve liva sine her?
Me må vere ærlege: Me kan ikkje konkurrere med Oslo – ikkje eingong Ålesund (og Vard) – når det gjeld kulturtilbod og urbane kvalitetar. Det me derimot kan tilby, er noko storbyane aldri kan kopiere: levande bygdemiljø. Sterke samfunn med dugnadsånd, ei kjensle av tilhøyring, nære og gode aktivitetar for både born og vaksne, og ikkje minst eit aktivt og levande kulturlandskap.
Parallelt med at samfunnet tilsynelatande blir sentralisert, ser me ei motrørsle: stadig fleire søkjer natur, det autentiske og eit roligare kvardagsliv. Eg trur mykje morgondagen si arbeidskraft er i endring:
-
Dei vil ikkje lage «iPad-kids».
-
Dei vil ha ungar som kan gå i ulendt terreng.
-
Dei vil vere nær naturopplevingar.
-
Dei vil ikkje bruke halve ettermiddagen på å sitte i bilkø for å hente ungar i andre enden av byen.
Dette er ikkje berre ein livsstil – det er eit potensielt konkurransefortrinn. Det er nettopp slike menneskjer Ulstein må tiltrekke seg for å sikre både industrien og lokalsamfunnet si framtid.
Konsekvensane ved ei nedlegging av bygdeskular er med andre ord store:
-
Det reduserer attraktiviteten for unge familiar som vurderer å flytte hit.
-
Det svekkjer samhald, dugnadsånd og lokalt kulturliv.
-
Det startar ein negativ spiral med fråflytting, færre born og svekka rekruttering til næringslivet.
So kjære kommunepolitikarar. Eg forstår økonomien er kritisk. Men her står me faktisk i eit eksistensielt og ikkje-reversibelt vegkryss. Om me vel å no legge ned bygedskulane, er eg redd for at me sender Ulstein inn i ein identitet som er litt midt i mellom. Det middelmådige. Ikkje heilt urban, utan levande bygdesamfunn og slett ikkje ein attraktiv stad å busette seg.