Dette gjeld eit programinnslag 22. september 2025 på NRK-sendeflata Studio 2. Deltakarar var programleiaren Christian Bendiksen, filmregissøren Daniel Fahre og skodespellar Bjørn Sundquist.

Dei snakka om den nye filmen som tar for seg senkinga av det nazityske krigsskipet Blücher grytidleg om morgonen 9. april 1940. Det var kommandanten på kystfestningen Oscarsborg – oberst Birger Eriksen, spelt av Sundquist – som ga ordre om å skyte på Blücher. Han vart innkalt til gransking av ein militær undersøkingskommisjon i 1946.

Eg tek atterhald om at eg ikkje har sett filmen, men NRK presenterer såpass merkverdige standpunkt at eg må reagere. Eg må òg ta atterhald om at eg rett og slett ikkje forsto alt som vart sagt. Et utgangspunkt er at programleiaren handsamar filmen som ein dokumentarfilm. Den er ein fiksjonsfilm.

Programmet hadde eit klar agg mot Nygaardsvold-regjeringa (eller Gerhardsen-regjeringa?) og Arbeidarpartiet: Lyttarane fekk til dømes den konvensjonelle og slomsete framstillinga av at det militære forsvaret vart nedprioritert i mellomkrigstida – noko som er til dels korrekt, iallfall om det skulle slumpe til å bli nokonlunde presist framstilt – men det blir gjerne stilt på hovudet slik at det var arbeidarregjeringa under Nygaardsvold som nærast la ned forsvaret. Det korrekte er at det var denne regjeringa, ikkje dei tallause borgarlege regjeringane, som sto for det som var av opprusting.

HISTORIKER OG FORFATTER: Kjell Håve |
Foto: Eg har tatt biletet.

Det verkar som om dei tre i dette programinnslaget oppsiktsvekkande nok til no ikkje har kjent til dei to undersøkingskommisjonane frå 1945 og 1946 (denne siste var den militære) Etter å ha oppdaga dei, har dei granska seg fram til at regjeringa ønska den militære undersøkingskommisjonen som ein prosess mot dei militære heltane, kanskje særleg oberst Birger Eriksen.

Kommisjonen undersøkte handlemåten til heile den militære leiinga og dessutan den politiske leiinga v. forsvarsminister Ljungberg. Ein måtte undersøke ka som hadde gått galt i 1940, for å unngå feil i framtida.

Utkjøret til Sundquist om «regjeringen» i dette programmet kjem som svar på eit spørsmål frå den kunnskapslause programleiaren om korfor kommisjonen kalla inn oberst Eriksen. Bendiksen trur at denne innkallinga var merkverdig. Det er merkverdig at han trur det.

Les også

Det er av sine eigne ein skal ha det

Svaret er jo at kommisjonen ikkje kunnne nøye seg med å lesa aviser frå 1940. Ellers er det vanskeleg å unngå feil under krigføring, og kommisjonen skulle undersøke feil. Medlemmane kjende til tusenvis av år med krigshistorie og visste at jamvel heltar kunne gjera feil. Det er òg mogleg å reinvaske gjennom å tilbakevise påstandar om feil.

Kommisjonen hadde ikkje som oppgåve å anklage – det var ikkje snakk om nokon prosess. Men medlemmane i kommisjonen kunne ikkje berre sitte i eit rom og spekulere. Dei var fullstendig avhengig av å kalle inn folk som hadde deltatt.

Det oberst Eriksen vart spurd om, var handlingane hans når mørklagde skip prøvde å ta seg forbi den festningen han var kommandant for.

Birger Eriksen – og no Bjørn Sundquist – er kjend for utsegna: Visst fanden skal det skytes med skarpt. Den resolutte – heltemodige – måten obersten opptredde på, har gått inn i historia. Han angreip Blücher.

FILMEN: Bjørn Sundquist som oberst Birger Eriksen i spillefilmen «Blücher».
Foto: Lillian Julsvik/Ymer Media

Og her kjem eg fram til hovudsaka, nemleg det groteske i korleis dette radioinnslaget presenterer obersten og kommisjonen:

Det verkar som om han vart anklaga for ordren om å skyte med skarpt!

Ingen sa dette i programmet, men inntrykket blir ståande rett og slett fordi ingen sa noko om det han faktisk vart kritisert (ikkje anklaga) for.

Det som skjedde var at obersten vart bedt om å gjere greie for korfor han ikkje skaut meir – altså på dei andre krigsskipa. Dette kom dei tre i radioen i det heile ikkje inn på!

Birger Eriksen hadde nok ei særs god forklaring. Han vart aldri anklaga for noko. Men kritisert, kanskje uakseptabelt hardt. Kanskje han opplevde stor urettferd. Kanskje det vart gjort urett – men da nok ikkje berre mot han. Den første undersøkingskommisjonen – den sivile, om ein vil – for hardt fram mot statsminister Nygaardsvold og nokre av regjeringsmedlemmane.

SENKET: Den tyske krysseren Blücher ble 9. april 1940 senket i Drøbaksundet i Oslofjorden.
Foto: NTBs krigsarkiv, Riksarkivet

Kanskje kommisjonen overdreiv si rolle og gjekk for langt i å felle dommar – kanskje godt utafor mandatet. Dette var iallfall kritikken som vart reist mot kommisjonen av 1945, ikkje minst frå ein gigant som stortingspresident C. J. Hambro.

Men ingen av kommisjonane var nådige mot nygaardsvoldregjeringa. Dei tre i NRK-programinnslaget går langt i retning av å framstille det som om arbeidarpartiregjeringa styra kommisjonane – at kommisjonane ikkje var uavhengige.

Det er slike påstandar som kjem fram når underhaldningsfilmar og ikkje bøker er grunnlaget for historiekunnskapen i landet vårt. Filmskaparar og mange andre seier gjerne frå om at historikarar ikkje kan kritisere faktagrunnlaget i til dømes krigsfilmar – det er jo berre film. Men mediefolk og filminvolverte har full rett til å redigere om historia utafor filmsamanhengen, til dømes i eit radiostudio.

Eg rettar ein inntrengande appell til alle interesserte om å høyre podcasten Visst fanden skal vi snakke om Blücher, i Minervapodden. Militærhistorikaren Magnus Håkenstad set alt førebiletleg på plass.