(Nationen) Henriette Bergliot Rulnes Brandset har den siste tida snudd matvanane sine på hovudet. I ein månad skal ho boikotta dei tre store daglegvarekjedene Reitan, Norgesgruppen og Coop. I staden handlar ho lokalt, på småbutikkar, gardsutsal, Reko-ringen og Bondens marknad.

– Dei fleste av oss sit igjen med veldig få reelle val, og det er eit problem i seg sjølv, skriv ho på sin TikTok- og Instagram-konto, der ho deler erfaringar frå prosjektet.

Protest mot monopol

Boikotten var ikkje ein impuls, men ein medviten protest mot det ho beskriv som eit «ekstremt problematisk» matvaremonopol.

– Norgesgruppen, Coop og Rema kontrollerer nesten heile marknaden. Resultatet er høgare prisar, færre valmoglegheiter og små produsentar som blir pressa ut, slår ho fast.

Med over 90 prosent av marknaden under kontroll av tre aktørar, meiner Brandset at det burde ringja nokre varsellamper hos både politikarar og forbrukarar. Prosjektet hennar er eit forsøk på å belysa problemet og visa at det finst alternativ, sjølv om det krev ei omstilling.

– Ein stor del av problemet er at me ikkje har nok konkurranse. Dei reelle valmoglegheitene forsvinn. Viss alle produkta du har å velja mellom er det butikkane sjølv har produsert, kva har du eigentleg å velja mellom då?

Færre spontankjøp, meir pengar igjen

Eit av dei store spørsmåla mange stiller seg er om det i det heile er mogleg å handla lokalt og støtta små aktørar utan at matbudsjettet eksploderer. Brandset har eit klart mål:

– Eg vil jo også finna ut av om det er mogleg å leva utan dei tre store utan og sprengja matbudsjettet, skriv ho på Instagram.

Boikotten har tvinga Brandset, ektemann og tre barn til å endra handlevanane sine. Resultatet? Færre spontankjøp.

– No går eg berre inn på butikken og har eit mål, og så klarer eg å reisa ut igjen, fortel ho. Ho peikar på at layouten til daglegvarebutikkane er designa for meirsal, noko som er fråverande i små butikkar og gardsutsal.

Kanskje mest overraskande: Prosjektet har ikkje sprengt matbudsjettet – snarare tvert imot.

– Eg har faktisk brukt mindre pengar. Me har vorte flinke til å eta opp det me har i kjøleskapet sidan me ikkje har hatt så mange spontankjøp. Me har spart nesten 1500 kroner til no, fortel Brandset, som også kan stadfesta at kosthaldet til familien er uendra.

Ikkje alle er like heldige

Brandset er ærleg på at hennar situasjon ikkje er representativ for alle nordmenn. I Skien har ho mange alternativ til dei store kjedene rett utanfor døra, og ser på seg sjølv som heldig.

– Mange plassar har ein ikkje noko alternativ til dei store daglegvaregigantane. Eg synest det er trist at ein får dei avgrensingane, seier Brandset.

Ho trekkjer ein parallell til Sverige:

– Berre ein køyrer over svenskegrensa, så har ein så mykje meir utval av produkt og produsentar. Også køyrer du tilbake til Noreg og ser at det er dei same produkta overalt.

Kritisk til høge prisar

Butikkane sine eigne merkevarer (EMV) er produkt som blir selde under daglegvarekjeda sitt eige namn, sjølv om dei ofte er produserte av eksterne leverandørar.

Sjølv om desse ofte er lova å ha ein lågare pris enn alternativa, meiner ikkje Brandset at dette er tilfellet:

– Sist gong eg var i ein vanleg butikk, som no er nokre veker sidan, så var det ikkje veldig stor prisforskjell på dei eigne merkevarene og standard produkt. Kva er då vitsen?

Som mange andre forbrukarar, reagerer ho på prisstigninga på mat og drikke dei siste åra. Ho er også bekymra for kven som skal betala for Konkurransetilsynets dom om prissamarbeid mellom daglegvarekjedene:

– Alle veit jo at det er forbrukarane som betaler for det til slutt.

Ivar Pettersen, samfunnsøkonom i Alo-Analyse, meiner at det er behov for engasjerte forbrukarar som Brandset.

– Eg trur også det kan ha positiv effekt av forbrukarar meir aktivt ser etter alternativ til ein ganske einsarta daglegvarehandel, som er dominert cirka 65 prosent av lågpriskjeder og med stadig meir komplekse former for priskonkurranse som kupongar og lojalitetsbonusar, seier han til Nationen.

Pettersen, som har leidd to arbeidsmøte om strategi for Daglegvaretilsynet, meiner samtidig at det er krevjande å få nok innverknad åleine.

– Aller viktigast for forbrukarane er det at me har eit effektivt Konkurransetilsyn og kompetent Forbrukerråd med kapasitet til å handtera førespurnadene frå forbrukarane.

Det skjer likevel utvikling på feltet, meiner han. Spesielt er det éin ting som daglegvarekjedene fortener ros for:

– Faktisk er daglegvarehandelen ganske konstruktive bidragsytarar til å få fram det som til dømes blir kalla «matskattar». Dei får skryt for å opna hyllene sine av produsentar av økologiske produkt, ofte meir skryt enn jordbruket sine eigne samvirke, seier han.

Håpar på ein bevegelse

Brandset håpar at fleire vil slengja seg på boikotten og skapa ei folkerørsle.

– Det at éin person boikottar er jo ein drope i havet for dei store daglegvaregigantane, men det har veldig mykje å seia for dei små og lokale aktørane. Det er der skoen trykkjer mest. Me må bli flinkare til å bruka dei små, seier ho.

Bodskapen hennar til forbrukarar som kjenner seg makteslause, er å leggja meir press på kjedene.

– Om ein er fleire som legg litt press på dei store kjedene, at ein forhåpentleg kan gjera nokre endringar. Spør om å få inn fleire lokale produkt, dropp butikkane sine eigne merkevarer, og gjer andre små grep, seier Brandset.

– Det handlar om haldningsendring blant dei store kjedene òg, og då må ein jo starta ein plass.