Fyrste gong eg høyrde om dette, var då eg lanserte boka mi, «48 – ein overgang». Det var forleggaren min som nemde det i talen sin på boklanseringsfesten vår. 

Han var kjempefestleg då han sa at vi kvinner må ikkje tru at det berre er vi som strir med tankar og kjensler knytt til aldring. Han kunne fortelje at han også var litt sur og lei innimellom – at han gjerne trøysta seg med både ein og to sjokoladar frå twistposen. Ikkje berre det, han kunne til og med bli sur om alle favorittbitane hans var borte. (Nokon som kjenner seg att?)

Eg vart overraska, for når det kjem til aldring, finst det mykje kunnskap som sjeldan kjem fram i lyset – i alle fall for meg. 

Eg syntes òg at han var skikkeleg modig som tok opp temaet, sjølv om han gjorde det på ein morosam måte. Men det er viktig å ikkje blande korta, for menn har sjølvsagt ikkje menopause. Det er store forskjellar på kva kvinne- og mannekroppen gjennomgår når det gjeld aldring. Likevel kan symptoma likne litt. 

Den kvinnelege overgangsalderen innber ein brå slutt i menstruasjon og ein markant reduksjon i østrogenproduksjonen. Den mannlege overgangsalderen – eller andropause – er ein gradvis nedgang i testosteronproduksjonen, det viktigaste mannlege hormonet.

Denne gradvise nedgangen kan gje symptom som kvinner i overgangsalderen lett kjenner att. Hald dykk fast: Hetetokter er eit heilt vanleg symptom for menn i andropausen. Kven skulle tru det? Men tenkjer eg etter, så finst det ein del menn oppi åra med sveitt panne – utan at dei nødvendigvis er store eller tunge. Menn kan òg få humørsvingningar, kjenne seg nedstemt, føle på angst, slite med søvnen og oppleve redusert sexlyst. Så dersom vi kvinner trudde overgangsalderen var noko vi hadde for oss sjølve, må vi tru om att. Mange menn går òg gjennom periodar der livet buttar imot, akkurat slik det gjer for oss kvinner. Gutta kan kjenne seg åleine med både hjartebank og sveitt panne.

Eg får nesten litt dårleg samvit på vegner av karane våre når eg tenkjer på kor «oppi mi eiga ræv» eg kan vere når det gjeld menopausen – og kor synd eg har syntest i meg sjølv og mine medsøstre. Når det kjem til mannfolka, har eg berre tenkt at det verste dei kan oppleve, er ei midtlivskrise der dei byter ut både dama (noko dei heilt sikkert angrar på) og huset – og kanskje attpåtil kjøper seg motorsykkel.

Men jammen bør vi hylle gutta boys som har sitt å stri med. Kanskje vi skal løfte fram den mannlege overgangsalderen litt òg? For sjølv om dei er tøffe karar, så har dei ei mjuk side inni seg, det må vi ikkje gløyme. Gutta kan bli både redde, lei seg og sure – akkurat som oss.

Eli Kari Gjengedal (54)

Værsjef i TV 2
og forfatter

Gift med Tom
og mor til Nikolai.

Bor i Bergen.

Har skrevet boken
«48 – ein overgang»
om overgangsalderen
og det å bli eldre.

Vis mer
Vis mindre