– Dette gleder vi oss veldig til!

Kinosjef Clarissa Bergh slår ut med armane og glitrar i auga med begeistring.

– Vi har gjort det tidlegare med kjempesuksess, men så ramla det litt saman då pandemien kom.

Ho fortel engasjert om nyvinga som ho gjenopplivar etter korona-herjingane: direktesendt opera i kinosalen – rett frå verdas fremste operascene i New York.

Einaste i landet

– Billettar til operaen i Oslo blir utselt på ein, to, tre. Og det er ikkje alle som kan sette seg på fly og reise til New York, eller ein annan stor opera-by. Vi veit vi at det er mykje operainteresse på Lillehammer. Då er det veldig kult å kunne trylle om kinoen til eit operahus, fortel Bergh.

Dette er ein avtale dei har fått med Metropolitan Opera i New York. Frå oktober til mai vil dei sende storslåtte framsyningar, som La Boheme og Tryllefløyten, om lag ein gong i månaden.

I tillegg har dei gjort avtale med den historiske Parisaroperaen om få syne ballettførestillingar derifrå.

Lillehammer er truleg den einaste kinoen i landet, i tillegg til Gimle kino i Oslo, som får syne direktesendt opera frå The Met.

Opnar dørene til verdsscener

Blant dei som gleder seg er operaentusiast Cathrine Mørch Friis på Lillehammer:

– Dette opnar døra til verdas store scener! seier ho og utdjupar:

– Sjølv om ballett og opera verkeleg kjem til sin rett på teaterscena, er det ikkje alltid mogleg å oppleve dette live. Særskild for oss som ikkje bur i ein storby. Heldigvis gjev direktesende førestillingar på kino ein fantastisk moglegheit til å ta del i den unike stemninga og kunsten. Nesten som om du sat i salen sjølv.

Clarissa Bergh er kinosjef ved Lillehammer kino.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Kostar mykje

Clarissa Bergh meiner faktisk at opplevinga på kino nesten blir endå rikare enn om du hadde sete i salen i New York. For i pausane blir det vist kva som skjer bak sceneteppet. Og med filmmediet kan du få nærbilete av songarane med alle intense detaljar i ansiktet, som du slett ikkje får i ein diger sal.

– Eg veit folk i byen har sakna dette. Og det håpar eg folk viser ved å kome. For det kostar oss mykje.

– Kor mykje?

– Eg har ikkje tala i hovudet, men det er ein god del tusen kroner. Med ti publikummarar får vi eit solid tap. Med hundre bergar vi oss økonomisk. Vi treng interesse frå publikum om det skal vere berekraftig.

For når ho viser opera kan ikkje dei bruke salen til å vise andre kinofilmar. Og medan nokre av førestillingane varer halvannan time, varer Tristan og Isolde i nesten fem timar(!).

Opera- og ballettframsyningar på Lillehammer kino 2025/2026
Opera frå Metropolitan Opera i New York:

18. oktober La Sonnambula (Bellini) LIVE

8. november: La Boheme (Puccini) LIVE

22. november: Arabella (Strauss) LIVE

6. desember: Tryllefløyten (Mozart) OPPTAK

13. desember: Andrea Chenier (Giordano) LIVE

10. januar: Il Puritani (Bellini) LIVE

14. februar: Cindarella (Massenet) OPPTAK

21. mars: Tristan und Isolde (Wagner) LIVE

2. mai: Eugene Onegin (Tchaikovsky) LIVE

30. mai: El Ultimo Sueno de Frieda y Diego (Frank) LIVE

Ballet frå Parisaroperaen:

16. november: Giselle ( Coralli/Perot) OPPTAK

14. desember: Nøtteknekkeren (Nurejev) OPPTAK

15. mars: Le Parc (Preljocaj) OPPTAK

Kjelde: Lillehammer kino

Kåpe og frakk

Når kinoen blir operahus, blir det gjort skikkeleg. Dei skal opne baren både før og etter førestillinga.

– Det er nokre som er veldig opptekne av at vi setter fram klestativ slik at dei kan henge frå seg kåpe og frakk, og slikt. For det er slik at folk pyntar seg litt når dei kjem på opera på kino. Og det er stas, synest eg.

Måtte sjølv forlate salen

Det er kring fem år sidan dei forsøkte sist. Ho fortel dei hadde fleire framsyningar der alle dei 146 plassane i sal 4 var tekne.

– Eg hugsar at eg sjølv måtte forlate Carmen, fordi då var det heilt utselt!

Ho hadde invitert med seg søstera, men oppdaga at det stod folk i kø for å kome inn.

– Så då tok eg med meg søstera mi ut av salen og sa: «Det går ikkje, vi må selje billettar i staden»!

– Det viste seg at det likevel vart eitt ledig sete frå ein som var sjuk. Der fekk eg plassert søstera mi. Og så stod eg litt på sidelinja og fekk med meg ein del av framsyninga, smiler ho.

Clarissa Bergh er stolt over tilby opera på storskjerm i heimbyen.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide