– Dette er alvorlege brot, seier avdelingsleiar Geir Arne Ystmark i Mattilsynet.
Livlaus laks låg på botnen av Mowi sitt oppdrettsanlegg for to veker sidan.
Verdas største oppdrettsselskap hadde problem med fisken utanfor Endal i Nordfjord.
Ein såkalla bløggebåt hadde blitt hyra inn for å avlive fisk ved anlegget.
Den var i full sving då Mattilsynet kom på umeldt inspeksjon 10. september.
Mattilsynet såg at nesten all fisken som vart pumpa om bord, var utan livsteikn.
Likevel vart fisken sortert som mat til menneske – rett framfor auga på inspektørane.
Mattilsynet gjorde hastevedtak med forbod mot slakting og omsetning.
– Sjølvdauda fisk skal ikkje inn i matkjeda. Dette handlar om risiko og bakterievekst på fisken, seier Ystmark.
Kom på umeldt kontroll
Denne månaden har Mattilsynet reist på umeldt aksjon langs norskekysten. Målet var mellom anna å inspisere slaktebåtar som avlivar fisk på merdekanten.
I Austrheim vart restar av kadaver pumpa om bord i slaktebåten.
Foto: Mattilsynet
På to av fire båtar fant Mattilsynet alvorlege brot på regelverket, dette var ved:
- Mowi sitt anlegg Endal Vest i Bremanger i Nordfjord.
- Kobbevik og Furuholmen sitt anlegg Øksneset i Austrheim i Nordhordland.
Hos Mowi reagerte Mattilsynet sine inspektørar umiddelbart.
Geir Arne Ystmark i Mattilsynet.
«Slik fisk reknar Mattilsynet som død. I beste fall observerte vi ørlite teikn til liv på sju-åtte fisk», skriv dei i hastevedtaket.
Mattilsynet sine inspektørar følgde med på sortering av 59 fisk. Berre tre fiskar vart kasta vekk.
– Tilsynet vårt på disse båtane viser at det ikkje var gode nok rutinar eller opplæring, seier Ystmark i Mattilsynet.
Mattilsynet: Mowi har ansvar
Mowi legg skulda på selskapet som eig bløggebåten.
Les svaret frå bløggebåt-selskapet lenger nede i saka.
– Vi ser svært alvorleg på funna. Det er totalt uakseptabelt om sjølvdauda fisk ikkje har blitt sortert ut, skriv kommunikasjonsdirektør i Mowi, Ola Helge Hjetland til NRK.
Det var her ved Mowi sitt anlegg at Mattilsynet slo til.
Foto: Odin Otnes Austring / NRK
Mowi skriv at dei har stansa bruken av fartøyet og leverandøren inntil vidare.
Men ifølge Mattilsynet har Mowi sjølv eit stort ansvar i saka. Dei skal fjerne død fisk før slaktebåten kjem.
Bileta til Mattilsynet viser mengder av livlaus fisk i botnen av merd på anlegget. Mowi seier på si side at anlegget var tømt for dødfisk før «operasjonen».
– Kan ikkje det forventast at Mowi har full kontroll på alle sider av produksjonen sin?
– Mowi forventar at våre leverandørar opererer i samsvar med gjeldande reglar, skriv Hjetland.
– Det er samstundes vårt ansvar å kontrollere at reglane blir ivaretekne, i dette tilfellet burde vi openbert ha følgt betre opp, legg han til.
På eiga heimeside reklamerer Mowi med «kvalitet i alle ledd» og «full intern kontroll».
Sjå lengre svar frå aktørane nede i saka.
Ola Helge Hjetland i Mowi.
Foto: Lidvard Sandven
Erkjenner feil
Ronny Larsen er dagleg leiar i Sjøprodukt. Dette er selskapet som driv den aktuelle bløggebåten, «Sølvfisken».
Han er einig i at det vart gjort feil då Mattilsynet var på tilsyn.
– Ingen av desse fiskane vart omsett til humant konsum, skriv Larsen.
Fisken vart «destruert i samråd med Mattilsynet», påpeikar han.
Praksisen til mannskapet om bord var å sjekke om fisken blødde etter bedøving. Dette er ein «indikasjon på at hjartepumpa framleis fungerer» ifølge Larsen.
– Mattilsynet har påpeikt at det må vere fleire kriterium til stades, og her er vi einige, seier han.
Anlegget ligg i Bremanger kommune i Nordfjord.
Foto: Odin Otnes Austring / NRK
Mattilsynet blir ikkje betrygga
Alle dei involverte selskapa seier at sjølvdauda fisk uansett blir sortert ut på slakteriet, og at det ikkje blir til menneskemat.
NRK har spurt korleis det er mogleg å finne igjen ein sjølvdød fisk inne på eit slakteri.
– Kvalitetskontrollen blir gjennomført ved visuell inspeksjon av utblødning, gjelle-farge, augar, skinnfarge og konsistens/spenst i fisken, ifølge Mowi.
Mattilsynet meiner dette ikkje er tryggande:
– Det er vanskeleg å skilje mellom fisk som var levande ved slakting, og fisk som allereie var død.
Restar av kadaver
Også i Austevoll erkjenner den daglege leiaren for Kobbevik og Furuholmen Oppdrett, Ingebrigt Landa, at det var gjort feil under tilsynet.
Landa er oppført som dagleg leiar både for oppdrettsselskapet og Thermo Service AS, som driv bløggebåten «Hordabas».
Ikkje mykje av den livlause fisken vart sortert bort. I tillegg reagerer Mattilsynet på at kadaverrestar vart pumpa om bord frå merden.
Landa seier at opplæringa har vore for dårleg.
– Dette tar reiarlaget sjølvkritikk på, seier han.
Begge slaktebåtane har no fått tilbake løyva for å slakte og omsetje fisk.
Men Mattilsynet har gitt «føringar om ikkje pumpe fisk frå botn av merd, der det blir samling av dødfisk. I tillegg er det gitt føringar for å sikre betre kontroll og sortering.»
Få tilsyn av slaktebåtar
Også for to år sidan fortalde NRK om sjuk og sjølvdau laks på veg til forbrukarane.
Konsekvensen var bransjeretningslinjer for å unngå fleire tilfelle. Tilsynet i år viste at reglane framleis blir brotne, meiner Mattilsynet.
I Øksneset la Mattilsynet merke til at vatnet frå merden lukta unormalt og var grumsete.
Foto: Mattilsynet
Dei seier det er utfordrande å følgje med.
Inspeksjonane i september var fyrste gang sidan 2023 dei kontrollerte slakting på merdekanten. I fjor var Mattilsynet også på tokt, men fann ingen slaktebåtar i aksjon.
– Det er utfordrande for Mattilsynet å følge med på slakting om bord på slaktebåtar. Vi veit ofte ikkje når og kor båtane slaktar, eller kor fisken blir levert. I tillegg flyttar båtane seg heile tida. Målet er å finne ei løysing som gjer det mogleg å følge fisken frå slakting til levering på land, seier Ystmark i Mattilsynet.
Svar frå Mowi
Vi ser svært alvorleg på funna som Mattilsynet gjorde i samband med tilsyn hos ein av underleverandørane våre. Det er totalt uakseptabelt om sjølvdød fisk ikkje har blitt sortert ut.
Vi støttar oss på Mattilsynets vurdering i denne saka. Mowi krev at leverandørane våre følgjer alle forskrifter og relevante retningslinjer.
Det blir feil av oss å spekulere i årsaksforholda på noverande tidspunkt. Mowi forventar at leverandørane våre opererer i samsvar med gjeldande reglar og retningslinjer. Dette er kontraktfesta i avtalane våre, og vi ser alvorleg på eventuelle brot.
Mowi vil setje i gang eigne undersøkingar for å forhindre at dette kan skje igjen. Bruk av det aktuelle fartøyet og andre fartøy frå denne leverandøren er innstilt inntil vidare.
Anlegget var tømt for dødfisk før operasjonen starta i samsvar med prosedyrane.
Forbrukarar og styresmakter skal vere trygge på at Mowi produserer sunn og trygg laks av høg kvalitet. Produktkvaliteten og mattryggleiken blir vareteken gjennom ei rekkje kontrolledd før fisken hamnar i butikken. Fisken det her er snakk om, vart aldri sendt til slakteri. Den vart destruert på staden. Dersom fisken hadde blitt levert til slakteri, ville den ha gått gjennom kvalitetskontroll, og sjølvdød fisk hadde blitt sortert ut.
Denne leverandøren er sertifisert og godkjend av Mattilsynet for å gjennomføre denne typen operasjonar. Det er samtidig vårt ansvar å kontrollere at reglane blir varetekne av leverandørane våre. I dette tilfellet burde vi openbert ha følgt dette betre opp.
Kvalitetskontrollen blir gjennomført ved visuell inspeksjon av utbløding, gjelle-farge, augnar, skinnfarge og konsistens/spenst i fisken.
Mowi tek hendinga på største alvor, og har sett i gang eigne undersøkingar for å ta lærdom slik at dette ikkje skal skje igjen. Bruk av det aktuelle fartøyet og andre båtar frå denne leverandøren er innstilt inntil vidare. Fiskevelferd, produktkvalitet og trygg mat har vår høgaste prioritet.
Svar frå Sjøprodukt
Vi er einige i at det vart gjort feil under ein operasjon på «Sølvfisken» då Mattilsynet var på tilsyn, og dette er tatt tak i.
Vi vil samstundes understreke at det var og er på plass barrierar og prosedyrar på båt og i fabrikk som sikrar at sjølvdød fisk ikkje vert menneskemat. Dette gjeld også i dette høvet. Ingen av desse fiskane vart omsett til humant konsum, men destruert i samråd med Mattilsynet.
Vi vil òg påpeike at «Sølvfisken» i løpet av kort tid vart klarert av Mattilsynet for både omsetning og slakt att.
Alle fiskane det er snakk om i denne saka, vart oppfatta å ha god utblødning, som ofte tolkast som ein indikasjon på at hjartepumpa framleis fungerer og som er ein viktig føresetnad for fisk som skal slaktast.
Mattilsynet har påpeikt at det må vere fleire kriteteriar til stades, og her er vi einige.
Korrigerande tiltak er betre sjekklister med kriterium som må vere til stades under operasjonen.
Overordna er prosessen slik:
- Dødfisk vert fjerna før oppstart (anlegg)
- Fisk vert sortert på mottaksbord før bløgging (fabrikk på båt)
- Fisk vert sortert på slakteri med kvalitetskontroll -> alt vert klassa som produksjonsfisk til vidare bearbeiding og kvalitetskontroll (slakteri land)
- Fisk vert feilretta på bearbeiding med kvalitetskontroll (vidarefordeling land)
Om det skulle skje ein glipp på fabrikk i båt, så vil dette bli plukka opp og retta opp i på slakteri, og vidare på bearbeiding. Det er derfor 3 kvalitetsbarrierar.
Våre kundar skal forvente at vi opererer i tråd med regelverket og godkjenning. Her har det blitt avdekka eit avvik hjå oss, som no har blitt retta opp i.
Sjølvdød fisk skal sorterast ut, og ikkje omsetjast. For å eliminere all tvil så vart den omtala fisken destruert.
Svar frå Thermo Service og Kobbevik og Furuholmen
Vi ser at det blei gjort feil då Mattilsynet var på tilsyn på «Hordabas» under ein operasjon ved eit anlegg. Vi har umiddelbart tatt tak i dette, styrka opplæringa og tydeliggjort prosedyrane, slik at slike feil ikkje skal skje igjen. «Hordabas» blei etter få dagar klarert for både slakt og omsetning.
Vi ser at her at det her var komme med fisk i lasten som ikkje skulle vore med, noko vi meiner kjem av for dårleg opplæring av dei tilsette. Dette tar reiarlaget sjølvkritikk på og innser at vi må ha betre opplæring og rutinar for dei tilsette. Men sjølv om det var komme med fisk som normalt skulle gått til utkast, så ville denne fisken blitt sortert ut på slakteriet som bedømmer kvalitet og sortering før den blir sendt ut til konsum.
Vi vil følge opp mot Mattilsynet og fremme nødvendige tiltak og opplæring slik at båt og mannskap heile tida opererer under gjeldande regelverk for denne type verksemd.
Utover dette så har vi ingen kommentarar og reknar oss som ferdig med denne saka.
NRK har spurt korleis dei kan identifisere sjølvdød fisk seinare i prosessen, utan å få svar.
Hei!
Takk for at du leste saka. Har du tips eller innspel til denne eller andre saker om oppdrett? Ta gjerne kontakt på e-post eller Signal +47 95258167
Publisert
25.09.2025, kl. 09.36