Desse tenestene har over tid vist høg kvalitet, hatt gode resultat, og nyte stor tillit i befolkninga. Å flytte funksjonane fleire timar unna vil få alvorlege konsekvensar for innbyggjarane – både når det gjeld likeverdige helsetenester, akutt beredskap, folkehelsa og framtidstrua.

Folkehelselova – det rettslege fundament

Folkehelselova har som formål å sikre ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse, motverkar sosiale helseforskjellar og sikrar befolkninga likeverdige høve til gode og trygge levekår. Lova pålegg både kommunar, fylkeskommunar og stat til å ta omsyn til folkehelsemessige konsekvensar i si planlegging.

Offentlege verksemder har eit ansvar for å medverke til førebygging, tryggleik og helse i befolkninga.

Avgjerder om helsetenester ikkje kan vurderast isolert ut frå effektivisering og økonomisk situasjon, men må sjåast i lys av beredskap, lokalsamfunn og framtidstrøyst.

Konsekvensar av sentraliseringa

  • Redusert tilgjenge: Lange reiseavstandar gjer at eldre, barnefamiliar, kronisk sjuke og dei utan bil eller økonomisk evne til transport får dårlegare tilgang til helsehjelp. Lange reiseveg er ei stor fysisk, psykisk og økonomisk belastning.
  • Auka sosiale helseforskjellar: Sentraliseringa vil forsterke ulikskapar mellom ressurssterke og sårbare medlemer i samfunnet vårt, i tillegg til å forsterke ulikskap mellom by og distrikt.

Dette strir direkte mot folkehelselova sitt føremål.

  • Skjulte kostnadar: eit høgare grad av sentralisering er billigare for spesialisthelsetenesta berre fordi dei auka kostnadane knytt til reise og tapt arbeidstid vert overført til pasientane, deira ledsagere og arbeidsgjevare. Kommunale helsetenesta, fastlegetenesta og legevakt vil òg få auka press og færre verkemiddel.
  • Svekka fagmiljø og auka rekrutteringsvanskar: Når tenester forsvinn, følgjer fagpersonane etter. Til slutt blir sjukehuset ståande igjen utan livskraft – noko som legitimerer vidare nedlegging.
  • Tryggleik og beredskap: Ved akutte situasjonar tel minutt. Offentlege myndigheiter er pålagt å sørge for forsvarleg beredskap. Med færre spesialistar og svakare fagmiljø lokalt, reduserer ein både evna til å handtere kriser og moglegheita for å rekruttere og behalde helsepersonell – dermed vert lokalsjukehuset og distriktet mindre robust.
  • Tillitsbrot: Når ei teneste som fungerer godt og er bygd opp over tid blir lagt ned eller flytta, undergrev det befolkninga si tillit til helsevesenet. Desse tenestene får ikkje anna enn svært positive tilbakemeldingar og det er svært trist å vere vitne til at endå eit godt tilbod i distrikta vert vurdert nedlagd.
  • Mangel på heilskapleg vurdering: dei siste åra er det ei rekke teneste som har vore redusert eller nedlagt i regionen – tannhelsetenesta, polititenesta, vidaregåande utdanningstilbod, tilbod i kollektiv transport, NAV og sosiale tenester og psykiatritenesta for å nemne nokre.

Kommunane på si side vert sittande igjen med ansvar for fleire tenester, medan at ein parallelt ser at kommuneøkonomien strammast til beinet. Kven tek ansvar for heilskapen i lokalsamfunnet?

Framtidstru under press

Når lokalsamfunn gong på gong opplever at viktige funksjonar vert nedlagd er framtidstrua gradvis svekkja. Når signalet frå styresmaktene blir nedbygging i staden for satsing, skaper det uro og usikkerheit om livskrafta i distriktet. Dette er ikkje berre eit spørsmål om tilgang til helsetenester her og no, men om å bevare håp, optimisme og vilje til å satse på framtida i heile landet.

På sikt betyr slike nedleggingar at når neste generasjon vurderer å flytte heim, vil dei møte ei bygd som har færre arbeidsplassar, dårlegare helsetenester og svakare beredskap enn før. Signalet frå styresmaktene blir at bygda ikkje er prioritert, og det kan føre til ei permanent utflytting.

Folkehelselova er tydeleg på at folkehelsearbeid skal vere langsiktig og førebyggjande. Det handlar ikkje berre om helsetenester her og no, men om å leggje til rette for levande lokalsamfunn i heile landet. Nedbygging av spesialisthelseteneste i distrikta er difor ikkje berre eit spørsmål om økonomiske prioriteringar – det er eit spørsmål om framtida til bygda, og om å sikre at neste generasjon faktisk har noko å flytte heim til.

Oppmoding

Me ber om at helseføretaket vurderer planane på nytt, og i tråd med folkehelselova legg avgjerande vekt på korleis endringa vil påverke folkehelsa, tilgangen til tenester og dei sosiale helseforskjellane i regionen. I staden for nedbygging, bør ein styrke det lokale tenestetilbodet som allereie fungerer godt og som bidreg til tryggleik, helse og trivsel i befolkninga.