Dette er ei sak som naturleg nok vekkjer stort engasjement. Lærdal sjukehus er lokalsjukehuset for innbyggjarane i Sogn.

Eit overordna helsepolitiske mål er å sikre likeverdig tilgang til helsehjelp i heile landet. Mange spør seg om nedlegging av desse avdelingane er god forvaltning av det ansvaret styresmaktene har for å nå dette målet. Eit godt helsetilbod betyr mykje for mange, og nedlegging av sjukehusavdelingar har store ringverknader både for pasientar, tilsette og lokalmiljøet.

Kvifor er det eit stadig tilbakevendande spørsmål om økonomisk resultat på sjukehusnivå, når sjukehusa er finansiert over statsbudsjettet?

Forklaringa er føretaksmodellen som vart innført i 2001, og som lovfesta at rekneskapslova skulle gjelde. Dette har etter mi meining fleire uheldige sider. Rekneskapslova er laga med tanke på kommersielle verksemder – ikkje offentleg finansierte helseinstitusjonar. Bruk av rekneskapslova skapar inntrykk av at sjukehus er kommersielle aktørar sjølv om dei er offentlege velferdsaktørar.

Lova legg vekt på økonomisk resultat, ikkje nødvendigvis samfunnsnytte eller helsegevinst. Noko som kan ha som følgje at sjukehusa vert pressa til å kutte kostnader, sjølv om det går utover kvaliteten på pasientbehandlinga. Tiltak som er økonomisk lønsame vert gjerne prioriterte framfor det som er fagleg tilrådeleg.

Rekneskapslova krev årlege rekneskap og resultatrapportar, noko som kan føre til kortsiktige innsparingstiltak framfor langsiktige investeringar i helse, førebygging og kompetanse. Dette kan undergrave tilliten til helsevesenet som ei retts-basert teneste, og opne for meir marknadslogikk. Etter rekneskapslova skal investeringar aktiverast og avskrivast over tid, noko som gjev eit skeivt bilete av økonomien, fordi store investeringar ikkje går ut over drifta med ein gong. Investeringar kan bli nedprioriterte for å halde rekneskapstala «fine».

Krav om å gå i balanse kvart år kan dessutan ha som konsekvens reduksjon i sengeplassar, bemanning og beredskap. Dette kan igjen gjere sjukehusa dårleg rusta i kriser (som pandemi eller store ulukker).

Rekneskapslova tek ikkje omsyn til samfunnsøkonomisk gevinst av tiltak (t.d. at god behandling sparer pengar i trygdesystemet). Dette undergrev helsefaglege og samfunnsøkonomiske omsyn. Det er dette Lærdal sjukehus no ser ut til å måtte betale prisen for. Er det rett?

Kanskje det er på tide at dei sentrale helsestyresmaktene vurderer om budsjettering ved bruk av rekneskapslova er føremålstenleg for å nå dei overordna helsepolitiske måla om likeverdige sjukehustilbod over heile landet.