Etter Helse Førde sitt forslag om å avvikla fleire tilbod ved Lærdal sjukehus, vil me på det sterkaste fråråda dei mot dette.
Me stiller oss 100 % bak Torbjørn Vereide og Erling Sande sine argument som dei vil retta til helseminister Jan Christian Vestre.
Vil tilføye ordførar i Lærdal Audun Mo (AP) sitt innlegg om AP: No må Arbeidarpartiet faktisk visa handling. Viss dei klarar å gjennomføra dette, så kan ein spørja seg kvifor folk skal stemma Arbeidarpartiet, seier Mo.
Då Lærdal sjukehus i dag er ein del av beredskapen i Indre Sogn og omland, vil denne avviklinga svekkja dette formidabelt, då det er snakk om opp til 50 mindre tilgjengelege sjukehustilsette. Fleire av dagens spesialsjukepleiarar og legar vil forsvinne i denne avviklinga. Dette medfører at ved ein krisesituasjon vil Lærdal sjukehus nesten ikkje klare å bidra til dette slik som dagens situasjon ved sjukehuset tilseie, storbrannen i Lærdal friskt i minne og tidlegare store ulukker.
Aviklinga av ortopedi og barsel vil føre til lengre reiseveg, og dessutan føre til lengre ventetid for den enkelte. Dette inneber lengre sjukmeldingar og ein auka kost for næringslivet i regionen og sjukepengar frå NAV. Ved å halde liv i Lærdal sjukehus vil det bidra til at du ikkje får høgare sjukefråvær, noko som er eit uttrykt politisk mål, der alle parti er einige. Barselsituasjonen gjer at Førde ved stor pågang ikkje har kapasitet til å ta imot alle på ein skikkeleg måte. Lærdal og Nordfjordeid er i dag avlastninga for Førde ved barsel. Ortopedi avdelinga på Lærdal sjukehus er ei avdeling som har fungert svært godt og den har vore brukt av folk frå heile landet
Lærdal sjukehus er ein tryggleik for Hydro Aluminium og andre større aktøra i regionen, om det skulle skje ei større ulukka, vil sjukehuset vere ein nødvendig støtte og beredskap å ha i nærleiken.
Då Indre Sogn og omland har over 30.000 innbyggjarar vil reduseringa av ambulanse tenesta påføre dårlegare beredskap, der bedriftsberedskapane vil få det mykje meir travelt ved utkallingar.
Slik som denne saka har utvikla seg og det som har kome fram om den økonomiske situasjonen i helse Førde, meiner foreiningane at den økonomiske situasjonen er så alvorleg at einaste løysinga er at staten grip inn.
Foreiningane i Årdal og Lærdal stiller seg på det sterkaste imot dette forslaget til Helse Førde.
Årdal kjemiske fagforeining, Årdalstangen kjemiske arbeidarlag, Fagforbundet Årdal og Fagforbundet Lærdal.