Mengda av hummar har lenge vore på eit historisk lågt nivå etter fleire tiår med høgt fisketrykk.

I 2012 inviterte Fiskeridirektoratet alle norske kommunar med hummar i sine farvatn til å etablere minst eitt fredingsområde for hummar. Det har ført til at vi no har om lag 60 hummarreservat rundt om i landet, men framleis er det fleire kommunar som ikkje har etablert slike. I år har det mellom anna kome høyringsinnspel om fredingsområde rundt Karmøy, Øygarden og Herøy på Sunnmøre.

Effekten av hummarreservat er godt dokumentert, seier Alf Ring Kleiven, bestandsansvarleg for overvaking av hummar i Havforskingsinstituttet til Nynorsk pressekontor.

– Vi ser same tendens overalt: Fleire og større hummar. Det siste er spesielt ønskt då dei store individa har fleire avkom, seier Kleiven.

Hummarteine. Hummar. Hummarfiske. Krabbefiske. Krabbe. Krabbeteine. Fritidsfiske. Foto: Peder Skjelten / NPK

VEKENTLEG SJEKK: Hugs at når du har merkt teinene dine og sett dei, må dei sjekkast minst ein gong i veka gjennom fangstperioden.
Foto: Peder Skjelten /NPK

Historisk låg bestand

Hummarbestanden er redusert med 92 prosent dei siste 90 åra, og i 2021 blei hummaren sett på raudlista som «sårbar».

– Men vi har dei siste to-tre åra sett at fangstane har gått litt opp. Det er eit teikn til optimisme etter mange år med nedgang. Trenden har byrja å snu.

Kleiven meiner likevel det bør gjerast fleire tiltak framover.

– Fiskeridirektoratet vil ha minst eitt hummarfredingsområde i kvar kommune. Vi er ikkje der enno. Vi har òg foreslått maksmål på hummaren på Vestlandet og meir målretta forvaltning av hummar, kanskje kontroll på uttaket ved hjelp av makskvote.

Han peikar på utfordringar med kapasiteten i fiskeflåten. Nokre stader er det for mange som fiskar hummar.

– Om det er overkapasitet, er det risiko for overfiske. Det har vore betydeleg utviding av hummarfiske fordi det er blitt eit populært fritidsfiske. Det er fleire teiner i sjøen enn tilgang på hummar.

1. oktober opnar hummarfisket. Det er derimot kome nye fredingsområde i år. Foto: Kari Hamre / NPK

SNART SESONG: 1. oktober opnar hummarfisket. Det er derimot kome nye fredingsområde i år.
Foto: Kari Hamre / NPK

– Dei fleste følgjer reglane

Trond Ottemo er seksjonssjef for fiskeriregulering i Fiskeridirektoratet. Han seier det er dei same regelbrota som går igjen i fritidsfisket for hummar kvart år.

– Dårlege rømmingsvegar på teinene, manglande rotetråd og dårleg merking av blåsene er det som sjøtenesta oftast tek beslag av hummarteiner for, fortel Ottemo til Nynorsk pressekontor.

Før hummarfisket byrjar, plar sjøtenesta i Fiskeridirektoratet også dra på tokt og ta beslag av teiner som er sett ut for tidleg.

– Det er mest effektivt hummarfiske i starten av sesongen, så nokre fiskarar er opptekne av å sette ut teinene så tidleg som mogleg – og i nokre tilfelle for tidleg.

Han meiner likevel at hummarfiskarar flest følgjer reglane og viser respekt for fisket.

– Det er sjeldan direktoratet oppdagar fiske i fredingstida eller i fredingsområda, heller ikkje at nokon tek opp hummar som er for liten eller har utvendig rogn.

Hummarfiskereglane

  • Hummarsesongen startar 1. oktober klokka 8 og varar til 30. november frå svenskegrensa til og med Vestland, og til 31. desember i resten av landet.
  • Minstemålet er 25 centimeter.
  • Maksmålet er 32 centimeter langs Skagerrakkysten (frå svenskegrensa til og med Agder).
  • Alle som skal fiske hummar må registrere seg hos Fiskeridirektoratet.
  • Hummar med utvendig rogn er freda heile året.
  • Maks 10 teiner per person og per båt.
  • Teinene må ha minst to fluktopningar på minimum 60 millimeter og rømmingshol med bomullstråd.
  • Teiner må vere merkte med deltakar­nummer, namn og adresse.
  • Teiner skal røktast minst ein gong i veka.
  • Fangst som skal seljast, må gå gjennom salslag eller godkjend kjøpar.
  • Meld frå i Fritidsfiskeappen dersom du mistar reiskap.

Meir informasjon og reglar rundt hummarfiske finn du på Fiskeridirektoratet sine sider.

(©NPK)