TIL FLORØ I ROMJULA: Sogn og Fjordane United spelar på Haavebua 3. juledag.
Foto: Pressefoto

Skal du lufte rockefoten i romjula, bør du merke deg datoen laurdag 27. desember. Florø rockeklubb blæs liv i gode, gamle Haavebua, og på plakaten står Sogn og Fjordane United, som ber namnet sitt med rette, og denne kvelden ser lagoppstillinga slik ut:

Terje Kjølaug (Florø), Rune Gandrud (Høyanger), Benjamin Sagebø (Svelgen), Carl-Henrik Buschmann (Hestenesøyra) – og på topp Odd Einar Nordheim (Årdal).

Fleire av desse fekk du kanskje med deg under namnet Rooftops & Satellites i kulturhuset tidlegare i år. Andre koplar du kanskje til band som Hit Station eller The Svelgen Lowriders.

– Dette kan bli ein tøff kveld! Her blir det mykje kjent musikk for rock-elskarar, med låtar frå artistar som Prince, Tom Petty, Bryan Adams og Kings Of Leon, seier Per Vidar Ottesen i Florø rockeklubb.

Dei tek sikte på å legge ut billettar på ticket.co til Haavebua-kvelden i løpet av denne veka..