Dune: Awakening har blitt ein salssuksess for norske Funcom, og med over éin million selde eksemplar allereie i juni er det selskapets største lansering nokosinne.
No må dei likevel kutte i staben.
Gamer.no kontakta selskapet førre veke med spørsmål om salstal og selskapets finansar, og spurde om dei såg for seg å tene pengar på det nye storspelet.
Onsdag kveld gjekk dei ut med ei melding til media om kutt.
Overgangen frå eit lang utviklingsløp til jamlege oppdateringar, saman med arbeidet mot ei konsollansering i 2026, tvinger studioet til å «restrukturere» og «fokusere» ressursar på tvers av prosjekt og ulike studio, skriv dei.
– Det betyr dessverre at me må seie adjø til kollegaer, skriv selskapet i ei melding.
Har du tips til denne saka? Send meg ein epost på mikkjell@gamer.no
Uvisst omfang
Det er ikkje uvanleg å nedskalere staben etter store lanseringar, men kommunikasjonssjef Natascha Röösli vil ikkje svare på konkrete spørsmål frå Gamer.no.
Heller ikkje Funcom-sjef Rui Casais har svara oss.
– Denne vanskelege prosessen startar no, og me har ikkje heilt for oss kva utfallet blir. Me jobbar for å finne nye moglegheiter for dei som blir påverka, skriv dei.
Funcom er landets desidert største spelutviklar, og sto i 2024 for rundt 30 prosent av omsetninga i den norske bransjen.
Har tapt nærmare ein milliard
Dei siste fem åra har dei vore i ein omfattande investeringsprosess. For rekneskapsåra 2020 til og med 2024 har Funcom tapt 920 millionar kroner.
Berre i 2024 hadde dei eit underskott på 416 millionar kroner. Tapa er knytt til tunge investeringar i utviklinga av Dune: Awakening, og omsetninga falt betydeleg i 2024 som følge av mindre sal av Conan Exiles.
Eigenkapitalen blei nesten halvert frå 871 millionar til 469 millionar i 2024.
Kinesiske Tencent eig Funcom. Funcom Oslo AS har i underkant av ein milliard i såkalla langsiktig konserngjeld til morselskapet Tencent.
Funcom-sjefen har tidlegare fortalt om erfaringar med nedbemanning i eit stort portrett hos Gamer.no. Det les du her.
GamesIndustry.biz omtalte meldinga først.