Gløym talent. Gløym nytteverdi: Oppfør deg som ein idiot på TV, ver så god, her er karriera di. Her er ditt eget radioshow, som du kan bruke til å inspirere usikre jenter og gutar som doomscrollar til hjernen blir graut.
Kva skal du bli når du blir stor, lille Hedda? Eg skal bli online-prostituert, slik som mamma! Ho tjenar femti lappar i månaden på Onlyfans. Berre å byrje å grinde.
Vi fikk rødgrønt fleirtal. En god ting, spør du meg. Men å sjå framskutte nepo-babyar sitte i snakk med ein av Noregs rikaste milliardærar på ein einvegs-podcast om formueskatt, satte fyr på hjernen min.
Faen. No har det skjedd. No er eg faktisk blitt ein slik fyr.
Så stor makt dei har fått, desse fjesa på nettet. Det er mange av dei no, som held på med dette såkalla yrket. Denne godt lønna, fordummande, narsisisstiske, idiotiske jobben, som kun har negativ samfunnsverdi. Om det er Tate, Westerlin, Kim K, eller Raad – det spelar ingen rolle.
Det har brent ganske lenge. Og det kan virke som vi alle byrjar å bli litt svidd.
Det som starta i reality-orienterte Amerika har nådd oss her, i Nord. Amerikaniserte, teknofiserte, til det nærmast ugjenkjennelige. Og vi sit berre her og ser på. Delaktige, mange.
Verda utviklar seg på godt og vondt, og det har jo alle generasjonar fint måtte finne seg i.
Men opplevde alle generasjonar endring likte illsinte som eg opplever denne? Er det berre er naturens gang? For eg er usikker på om eg berre er blitt ein sur gubbe i ein alder av 33, eller om verda på ekte er i ferd med å gå heilt av hengslene.
Influenserar, reality-show, podcastar. Den eine dummare enn den andre. Men i feeden min skal dei. Uansett kor hardt eg prøvre sleppe unna. Kva i alle dagar er det som skjer?
Onlyfans er feminisme. Tolvåringar filmar seg sjølv ete avokado og biff frå ei trefjøl og blir inne om kveldane for å «fokusere på buisnessen sin».
Kom deg ut og klatre i eit tre! Dett ned! Prøv å flørt med ei dame, og slit med å få det til!
Faen. No har det skjedd. No er eg faktisk blitt ein slik fyr.
Den store filosofen Logan Alexander Paul (April 1, 1995), sa i ein episode av den prisbelønne og anerkjente serien «Paul America» at «attention is the new currency».
Get with the program, eller få meteoren rett i kjeften
Merksemd uber alles, koste ka det koste vil. Den som skrik høgast, på mest ufordrageleg måte om mest idiotiske ting, står igjen som vinner på det store internett.
Ufordragelighet skapar engasjement. Og engasjement skapar brand. Brand skapar cash- money. Og cash money får milliardærane til å flytte til Sveits, og femten-år gamle gutar med 150 kroner i lommepengar vekentleg til å forsvare formueskatten fordi «det er gunstig for den vidare drifta av landet».
Romantiseringen av ein stadig «grind» sprer seg som eld i tørt gras. Ein skal stresse, sove lite, og for guds skyld ikkje ha det moro. For bank-kontoen din bestemmer kor mange venner du har, kor mange damer du får og ikkje minst kor bra du har det! (Eg har forøvrig gode vener, ein overflod av damer og 350 kroner på kontoen).
Born glamoriserar rikdom over Spiderman. Felleskapet er borte. Det er alle mot alle. Battle Royal, og eg sit berre å ventar på eit Fortnite-skin av Trump.
Om eg var filosof ville eg nok sagt noko i duren av at vi nærmar oss slutten på verdsetjinga av det ordinære. Det organiske, det sjelfulle, det mellommenneskelige. Det vakre.
Kvar dag er ein seier for invidiualismen, kapitalismen og narsissismen. Vi sit igjen meir ufordragelege, meir inni og oppi vår eiga ræv, meir miserable, alle i hop.
Ungdom har aldri vore meir ulykkelege.
Til å være ein gjeng som er så kronisk tilkobla, har vi aldri vore så fråkobla. Og det verkar som det er no eller aldri: Get with the program, eller få meteoren rett i kjeften, som som den lite omstillingsvillige dinosauren du er.
Men kva gjer ein når «programmet» er så ubehagelig, at ein eller helst vil la være?
Kanskje vi lev i ei alternativ tidslinje. Kanskje vi har smelta saman med eit anna absurd univers. Kanskje sit Jeff Bezos og Katy Perry på mars og peiker og ler: «Forstår dei ikkje at dette er kødd?»
Det ein gong vakre internettet er blitt ein einaste stor sølepytt. Og om dette berre er starten, vil eg ikkje sjå slutten.