Det er openbert at folk i Sunnfjord – og i straumområdet for Midt-Norge (NO3) – har sjekka straumprisane sine og høyrd på ekspertane. Det ser ein att i ei NRK-sak onsdag.

Jonas Gahr Støre og Ap-regjeringa sin Norgespris, til 50 øre kW/t, er først og fremst blitt omfamna av sør- og austlendingane.

Berre 378 husstandar i heile NO3-området har bestilt Norgespris, viser til Elhub har gitt NRK.

Fakta om Norgespris

  • Norgespris er eit valfritt val om å få fastpris på straum. Prisen er 50 øre per kilowattime, uavhengig av kva prisen hadde vore elles. Det gjeld både når prisen på straum elles er høg, og når prisen ville vore låg.
  • Du treng ikkje å bestille Norgespris innan 1. oktober. Det kan du bestemme deg for å gjere når som helst.
  • Norgespris har bindingstid på eitt år. Teiknar du avtale om Norgespris 1. oktober 2025, så varar bindingstida til 31. september 2026.
  • Norgespris har eit forbrukstak på 5.000 kilowattimar for hushaldningar, 1.000 kilowattimar for fritidsbustadar, og 4.500 kilowattimar for fjernvarmekundar.
  • Viss du får Norgespris, får du ikkje straumstøtte. Held du fram utan Norgespris, får du straumstøtte.
  • Du treng framleis straumavtale, sjølv om du får Norgespris. Det vil framleis vere eit poeng å få ein god straumavtale, med lågast påslag og månadskostnad.
  • I tillegg til Norgesprisen på straumen du brukar, må du framleis betale for nettleige, avgifter og påslag frå straumleverandøren.

Kjelde: Huseierne

Det er ikkje rart. Med fjorårets straumprisar hadde Norgespris vore eit par tusen kroner dyrare for ein vanleg husstand i Førde-området.

Området inkluderer mesteparten av Sogn og Fjordane nord for Sognefjorden, heile Møre og Romsdal og Trøndelag. Det er om lag 800.000 innbyggarar.

På Austlandet har 26,2 prosent av husstandane bestilt, mens over ein av tre på Sørlandet har gått til skrittet og nytta seg av Norgespris.

På Vestlandet, i NO5, er det 18,5 prosent som har gjort det.

Les meir her: