Plutseleg ser eg det. Eg ser at vi eigentleg ikkje er så ueinige om likestillinga som det kan sjå ut som. Det vi er ueinige om, er prioriteringa av den og i kor stor grad den bør vektleggjast.
«I begge leirar» har vi kjærleik til borna. Dei som stod på venstre side i lokalet under Debatten på NRK, er openbert mest opptekne av at barna skal få det lettare i sitt vaksne liv. Ha gode rettigheiter og moglegheiter for å gjere karriere. Kunne sikre seg økonomisk. Dei tenkjer på framtida.
Vi som stod på høgre side i lokalet, er mest opptekne av kva barna treng medan dei er små. I alle fall for meg er det heilt opplagt at det beste for eit barn under tre år, generelt sett er å få vere heime med ein av sine trygge tilknytningspersonar.
Primært mor, dersom vi tek høgde for amming og biologiske skilnader mellom mann og kvinne.

Linn Therese Solheim under Debatten på NRK forrige uke.
Foto: Skjermdump NRK
Dette er ikkje berre mi meining tatt ut av lufta. For meg personleg er det berre rein fornuft, men det finst forskning som underbyggjer dette. Nokre det er verdt å lytte til er legen Gabor Maté og klinisk sosionom og psykoanalytiker Erica Komisar. Og her heime, den norske psykologen Torild Skard.
Med andre ord er det ikkje berre amerikanske tradwives på TikTok dagens unge kvinner har blitt påverka av …
Når eg seier at likestillinga har gått for langt, meiner eg eigentleg at eg tykkjer det store fokuset på likestilling overskuggar bornas behov.
Spørsmålet eg vil stille, er: Korleis kan vi få til begge deler? Like moglegheiter i arbeidslivet og økonomisk sikkerheit for kvinner, utan at det går på bekostning av barna, og på ein måte som støtter dei mødrene som har eit heilt naturleg og instinktivt ynskje om å vere lenger heime med barnet ho har bore fram og født.
Ikkje alle kvinner ynskjer å fokusere på karriere, det må vi anerkjenne og respektere. Ikkje alle kvinner er opptekne av å ha verv eller store økonomiske verdiar. Nokon vil «berre» vere mor. Og eg reknar med at vi er einige om at det ikkje er berre berre.
Med forkledet mitt ville eg vise ei motvekt til det utbreidde i dag.
For mange er det dessutan faktisk berre snakk om å vere heime med barnet sitt i nokre få år, ikkje å skrinleggje alt.
Og det synest eg faktisk staten skal betale for. Korleis er det ikkje eit bidrag til fellesskapet å vere heime, føde barn, amme lengst mogleg og gi samfunnets barn den mest optimale starten på livet?
Uhelse kostar fellesskapet mykje – ved å la barn og foreldre få meir tid saman, kjem vi til å redusere utgiftene fellesskapet bruker.
Meir peng til foreldrepermisjon, mindre peng på uhelse i befolkningen. Dette er førebygging, det er bærekraftig, det er å tenkje langsiktig og å sjå eit større bilete.

Vi kan godt vere ueininge om politiske prioriteringar, men glorifiseringa av barnehagane overraskar meg. Det er gale nok at mange mødre og barn blir ufrivillig fråskilt i åtte timar, fem dagar i veka på eit så tidleg tidspunkt. Ekstra gale er det at barnehagane er underbemanna i tillegg.
Er det betre for eit lite barn å bedrive parallell-leik i ein underbemanna barnehage, der dei vaksne må ta harde val når det gjeld kva barn dei skal trøyste og kva barn som blir sitjande overlatt til seg sjølv, heller enn å få nærleik, omsorg og trøyst av sin eigen forelder?
Det er uansett ikkje slik at barnehagar er gratis for staten å drive.
Eg er for valfridom. Eg er for at du sender eitt-åringen din i barnehage dersom du vurderer at det er det riktige og beste i dykkar situasjon. Men lat oss ikkje fornekte verkelegheita når vi snakkar om dette på eit overordna samfunnsnivå.
«Barna har det bra i barnehagen», blir det sagt. Men kva legg vi i ordet «bra»? Det tenkjer vi ulikt om.
Dagens småbarnsmødre har opplevd store kutt i fødsels- og barselsomsorgen, kommunar landet over kuttar i barnehagar og skular, vi ser aukande skulefråvær og psykiske helseproblem. Alt dette har kome i skuggen av vår tids likestillingsdebatt.
Skal vi oppnå reell likestilling der mor ikkje vert utbrent, ikkje får fødselsdepresjon og greier å stå i jobb om ho vil det – så må vi handle. Ei løysing er meir tid med barna, meir fleksibelt arbeidsliv og meir rettferdig pensjonsopptening.
Kva meiner du? Send ein e-post til debatt@ba.no!
Eg meiner ikkje at vi skal reversere samfunnet, eg meiner ikkje at vi skal gå tilbake til 50-talet. Eg berre ber om at vi tek med oss enkelte element som er heilt grunnleggjande for oss menneske, og som det tidlegare vart tatt større høgde for.
Det handlar om at vi som samfunn må verdsette omsorgsarbeidet – både politisk, økonomisk og oss menneske i mellom.
Dette er ein heilt anna diskusjon enn «tradwife-debatten». Diskusjonen om babyar og småbarn sine basale, biologiske behov er mykje viktigare. Er den viktigare enn fokuset på likestilling og karriere?
Eg meiner ja. Og det er det eg kjempar for.
Med forkledet mitt ville eg vise ei motvekt til det utbreidde i dag. Ynskjet mitt er at vi kan finne ein gylden middelveg, gå for ein mellomting og balansere det heile ein stad på midten.