Statnett melder at Aurland-Sogndal vil vera tilgjengeleg for marknaden frå torsdag ettermiddag klokka 15.

Dermed er den mykje omtalte kraftlinja operativ, og mange spør seg korleis det påverkar prisane i dei ulike sonene.

Då straumprisane skaut i vêret for nokre år sidan, vart det synleg ein stor skilnad mellom prissona som Indre Sogn høyrer til, og prissona lenger nord.

Årsaka har vore flaskehalsen i Sogn. Det har ikkje har vore god nok kapasitet til å overføra meir straum frå Midt-Noreg lenger sør.

Påverkar prisane

Det er venta at prisane i Midt-Noreg vil bli kring 20 øre høgare denne vinteren på grunn av kraftlinja, men det betyr ikkje nødvendigvis at prisane blir tilsvarande lågare i Sør-Noreg.

Reier Lilleholt, analysesjef i Volue Insight, seier til VG at volumet ikkje er stort nok til å senka prisane så mykje i Sør-Noreg. Statnett reknar med at kraftlinja vil utjamna prisskilnadene mellom landsdelane på lenger sikt, og trur prisane i Sør-Noreg dei nærmaste par åra vil bli lågare, fordi prisane på kontinentet søkk.

Spotprisen i NO5 (Vest) og NO3 (Midt):

Mange vil lura på om linja fører til prishoppet i Midt-Noreg i ettermiddag.

– Det er mange faktorar som påverkar prisane, og utvekslingskapasitet er absolutt ein av dei. Men i Nord-Sverige er det på same tidspunkt veldig stor negativ pris, så me treng å analysera kva som driv prisendringane, seier kraftanalytikar i SFE Ole Johnny Nesdal til Firda.

Statnett har tidlegare varsla at Aurland-Sogndal ville vera tilgjengeleg frå marknaden frå og med 26. september i år, men det var forseinkingar i tilpassingar til kontrollanlegget.

No er mange års byggjearbeid ferdig.

Les også

Blir lengst og tyngst i verda

Les også

Her koplar dei landet meir saman