– Me håpar og trur dette gjev positive ringverknader for framtida, seier lagleiar Henning Sagevik.
Balestrand sine J10- og G11-lag var nyleg med på det som blir kalla ein draumedag på Fosshaugane.
Denne dagen er eit samarbeid mellom Sogndal Fotball og Sognekraft, og vart arrangert for tredje år på rad.
Denne gongen var det unge balestrendingar som vart henta med Stao-no-pao-bussen til Fosshaugane Campus, fekk nye drakter, omvising i garderobane, høgtideleg innmarsj på stadion – og ei treningsøkt saman med både herre- og damelaget.
Heldt det hemmeleg
I sommar fekk lagleiar Sagevik beskjeden om at dei var vinnarane av trekninga til Draumedagen, men han klarte å halda det hemmeleg for spelarane fram til tett opp mot sjølve dagen.
– Då me fortalde at dei var trekte ut, vart det veldig jubel. Me har sett på videoar frå tidlegare Draumedagar, og dei gleda seg veldig til å få vera med på dette.
Sagevik var ikkje til stades sjølv, men som lagleiar og far har han fått mange gode tilbakemeldingar.
– Ungane opplevde verkeleg å vera i sentrum, heile ramma rundt opplegget var ganske proft, og så trur eg at innmarsjen på bana gjorde veldig inntrykk.
Han rosar måten Sogndal-spelarane møtte ungane på.
– Dei tok dette verkeleg på alvor og møtte ungane med entusiasme. Det gjorde at dagen vart ekstra spesiell, så all honnør til dei for det.
Trenar Luis Pimenta og Sogndalspelarane tok godt i mot balestrendingane.
Foto: Therese Maria Thorhus
Motivasjon til å halda fram
Lagleiaren håpar ein slik dag kan vera med på å motivera spelarane til å halda fram med fotball.
– Først og fremst er det viktigaste at spelarane synest det er moro og at dei har det kjekt, for det er grunnlaget for å halda fram. Men i Balestrand er det nokre små årskull og ein må gå saman fleire årskull for å greia å stilla lag. Me håpar ein slik dag kan gjera at dei som er passe interesserte har lyst til å vera med vidare, seier Sagevik og legg til:
– Så er det gjerne ikkje så mange i Balestrand som reiser til Sogndal på kamp, for mange var det for første gong på Fosshaugane.
– Kanskje Sogndal har fått fleire supportarar?
– Ja, kanskje det.