Sparebank 1 Sogn og Fjordane har rundt 300 årsverk og vil no redusere med 20 årsverk. Det kjem fram i ei pressemelding.

I pressemeldinga står det at banken over tid har jobba for å effektivisere drifta av banken, og dei har sidan i vår gjennomført eit kostnadsprosjekt for å sjå på dette.

No går prosjektet over i ny fase, og banken vil redusere med 20 årsverk. Vidare står det at dei vil gjennom ein frivillig prosess tilby tilsette i støttefunksjonar om å søke sluttpakkar. Prosessen er tenkt å vare fram til nyttår.

– Kostnadseffektiv drift og organisering er avgjerande for banken sin konkurranseevne over tid. Vi ser det er rom for å effektivisere støttefunksjonane i banken, seier administrerande direktør Trond Teigene i pressemeldinga.

Rådgjevarar på privatmarknad og bedriftsmarknad er ikkje ein del av dei som får tilbod om sluttpakke, legg han til. Banken vil også sjå på organisering som del av denne prosessen.

Leiinga samarbeider med tillitsvalde-apparatet i banken.

– Bransjen er i stadig endringar, og det har over lengre tid blitt jobba med kostnadskutt i banken. Det er derfor ikkje uventa at det kjem ei sluttpakkerunde og ei omorganisering. Tillitsvalde-apparatet og leiinga har vore gjennom slike rundar tidlegare med ryddige prosessar, og vi forventar ryddige og gode prosessar denne gangen også, seier hovudtillitsvald Stine Solheimsnes Sunde i pressemeldinga.