SpareBank 1 Sogn og Fjordane har rundt 300 årsverk og vil no redusere med 20 årsverk. Banken vil gjennom ein frivillig prosess tilby tilsette i støttefunksjonar å søke om sluttpakkar. Prosessen er tenkt å vare fram til nyttår.
– Kostnadseffektiv drift og organisering er avgjerande for banken sin konkurranseevne over tid. Vi ser det er rom for å effektivisere støttefunksjonane i banken. Rådgjevarane våre på privatmarknad og bedriftsmarknad er ikkje ein del av dei som får tilbod om sluttpakke, seier administrerande direktør Trond Teigene i ei pressemelding.
Som ein del av prosessen vil banken også sjå på organisering.
– Vi ønskjer færre og større einingar. Dette vil legge til rette for betre og meir effektiv ressursutnytting og samarbeid internt, seier Teigene.
Leiinga samarbeider med tillitsvalde-apparatet i banken.
Bransjen er i stadig endringar, og det har over lengre tid blitt jobba med kostnadskutt i banken. Det er derfor ikkje uventa at det kjem ei sluttpakkerunde og ei omorganisering. Tillitsvalde-apparatet og leiinga har vore gjennom slike runder tidlegare med ryddige prosessar, og vi forventar ryddige og gode prosesser denne gangen også, seier hovudtillitsvald Stine Solheimsnes Sunde.