Det siste året har det vore svært vanskeleg å få tak i Xbox Series S og X i Europa.

Butikkar som ComputerSalg og ProShop har framleis konsollar på lager her i Noreg, men det til langt over lanseringsprisane.

ProShop sel Xbox Series S til 6800 kroner frå fjernlager. Series X kostar 8477. Ikkje spesielt attraktive prisar for konsollane, med andre ord.

Store butikkjeder som Komplett, Elkjøp og Power har alle saman tomme lagerhyller. Daniel Hauan, kommunikasjonssjef hos Komplett, fortel til Gamer.no at dei ikkje veit om dei får inn fleire konsollar.

Sannsynlegvis får dei ikkje inn noko i det heile, trur Hauan. Slik er det verda rundt.

– Det heng saman med Microsoft sin endra satsing på Game Pass og handkonsollar, seier Hauan.

Asus ROG Xbox Ally lanserer no i oktober, og er for tida på veg til vår testbenk. Nyleg blei det også klart at Microsoft skrur Game Pass-prisane kraftig opp.

Den amerikanske kjedegiganten Costco annonserte nyleg at dei droppar Xbox frå sine butikkar, og kjem ikkje til å fylle på lager ved anledning.