Det er smalhans i dei fleste av kommunane i landet. Årsakene er samansette, men det er klart at prisauken som har vore i åra etter coronaepidemien og auka rentenivå etter Russland sitt åtak på Ukraina, rammar hardt. Når dette fell saman med den førespegla eldrebølga, som vi no ser starten på, er det lett å misse hovudet når avgjersler skal takast.

Ulstein kommune har gjennom åra gjort mykje rett. Ulstein scorar høgt på mange parameter knytt til levekår og trivsel og har klart å rekruttere dyktige folk i kommunale stillingar. Det har vore satsa mykje på kultur og fritidsaktivitetar, med flotte hallar, kulturhus, kino, bibliotek, klatrevegg, turstiar m.m. Det er difor synd om ein no tek avgjersler som slår bein under den positive trenden.

Gjennom tidene har det vist seg at det kan verte vel mykje kortsiktig tenking i kommunane. Kanskje ikkje så unaturleg når det vert skifta leiing kvart fjerde år. Døme på nybygde skular og sjukeheimar, som raskt vert for små, er mange. Like eins nybygde eller nyrenoverte kommunale bygg, der drifta vert foreslått lagt ned etter kort tid. Dei siste åra med politisk uro og pandemi viser at ingen kan spå om framtida og treffe blink. Å ta viktige avgjersler basert på statistikk vert difor også gjerne uheldig.

Nedlegging av to tradisjonelt passe store og godt vedlikehaldne krinsskular, begge med fantastiske uteområde, med nye byggefelt i umiddelbar nærleik og som begge scorar høgt på trivsel blant både elevar og lærarar, samstundes som dei driftast rimeleg, bør etter mi meining unngåast. Slike nedleggingar er stort sett irreversible og det ein misser ved ei slik nedlegging er mykje og det er godt belyst av mange andre i denne saka.

Det er etter mi meining kunn ei årsak til å gjere denne strukturendringa og det er økonomi. Det er viktig nok og det tenker eg at administrasjonen hadde tent på å vere transparente rundt. Argument som kvalitet og fagmiljø på dei einskilde skulane, held ikkje vatn om ein ser på statistikk over sjukefråvær, elevane sine resultat på nasjonale prøver og elevundersøkingar og legg etter mi meining opp til ein fordummande debatt, som kunn er eigna til å skape splid mellom krinsane. Kall ei spade for ei spade, så kan ein ta diskusjonen derifrå.

Ulstein kommune har i mange år satsa på å vere ei kommune i vekst, men legg no potensielt opp til ein skulestruktur som ikkje romar nettopp framtidig vekst. Det ser eg på som ei fallitterklæring. Eg er redd for at ein stor sentrumsskule med eit allereie for lite uteområde, som alle openbart forstår vert eit dårlegare alternativ, både for dei som soknar til sentrumskrinsen i dag og for dei som vert flytta dit, vil føre til at kommuna taper i kampen om nyetablerte og tilflyttarar. Det igjen gir negative synergiar i form av tapte tilskot og skatteinntekter.

Basert på dette meinar eg difor at alternativ 0, er rett strategi frå kommuna si side. Ein gjer då ikkje grep som er irreversible og ein pådreg seg ikkje ukjente eller usikre kostnadar i form av påbygg eller ombygging for tilrettelegging for PPT eller barnehage, meir skyssing med buss, tap av inntekter for elevar som vel privatskule, tilrettelegging av farlege skulevegar osv. Dette alternativet gir også rom for fortsatt framtidig vekst i kommuna, utan at det krev større investeringar i skulebygg. Alternativ 0 gir også rom for satsing på skulesektoren om kommuneøkonomien skulle betre seg. Kven veit, kanskje vil haustens val slå positivt inn på overføringar til kommunane og kanskje er tida inne for å rive av plasteret og sette eigedomsskatten til maks?

Til sist vil eg seie at det er vanskelege val ein står føre og det har nok dei fleste stor forståing for. All ære til dei som tek på seg politiske verv. Lukke til med avgjerslene.

Britt-Elin Røyset