Naudetatane er på veg til ei trafikkulukke på fylkesveg 53 Tyinosvegen mellom Årdal og Tyin.
Ein buss har velta og ligg med dørene ned. Passasjerane treng assistanse for å koma seg ut. Brannvesenet rykkjer ut frå Øvre Årdal.
Det er ikkje meldt om personskadar. Det skal vera fire passasjera pluss sjåfør i bussen, opplyser politiet.
I ei oppdatering klokka 11:17 skriv operasjonsleiar Bjarte Rebnord at naudetatane er på staden.
– Alle er kome ut av bussen, framstår som uskadde, skriv han i ei melding til pressa.