Medan vi ventar på forslaget til statsbudsjett frå regjeringa
Det er alltid stor spenning til det som kjem i forslaget til statsbudsjett frå regjeringa. For Sogn og Fjordane Næringsråd er det særleg E39 Storehaugen-Førde og Stad skipstunnel det knyter seg mest spenning til denne gongen.
For E39 Storehaugen-Førde er det gode signal om at dette er eit prioritert prosjekt, så her må det leggast fullt press på at det skal kome oppstartsløyving i statsbudsjettet for 2026, og at prosessane med bompengeproposisjon og siste runde med kvalitetssikring kan gjennomførast så snart som råd.
For Stad skipstunnel er situasjonen langt meir alvorleg. Her veit ein at kostnadane ligg over det som Stortinget har vedteke, og dermed må saka tilbake til Stortinget. Signala frå sentrale politikarar i valkampen er heller ikkje gode.
Slik eg ser det har oslopressa si «hetsing» av dette viktige prosjektet på kysten vore sterk og unyansert også denne gongen. Det er mykje som tyder på at det er no eller aldri for Stad skipstunnel. Derfor trengst det full mobilisering allereie før statsbudsjettet blir lagt fram og heilt fram til endeleg vedtak i Stortinget i november/desember.
Sogn og Fjordane Næringsråd har engasjert seg i bygging av Stad skipstunnel i ulike samanhengar sidan vi vart skipa i 2016. Ved sist rullering av NTP var Stad skipstunnel eit prioritert prosjekt på kysten.
Det var også eit av prosjekta som Vestland fylkeskommune, Bergen Næringsråd, LO, NHO, Bergen kommune og Sogn og Fjordane Næringsråd stod saman om i innspurten av arbeidet med NTP på Stortinget våren 2024.
Vil gjere gull av tunnelstein – kan bli hundrevis av arbeidsplassar Kostnadane med bygging av Stad skipstunnel
Hovudgrunnen til at det no er stor uro rundt bygginga av Stad skipstunnel er at kostnadane ligg over det som Stortinget sette som ramme. Det er også mykje som tyder på at Kystverket ikkje får fullført forhandlingane med entreprenørane som har kome med anbod på bygging av tunnelen.
Det er eit alvorleg signal om kva som kan kome i forslaget til statsbudsjett og det skapar usikkerheit om kva som er den endelege prisen på prosjektet.
Kostnadsauken for Stad skipstunnel er verken ny eller ukjend, og den er heller ikkje dramatisk sett opp mot det som er generell prisstiging i anleggssektoren. Særleg stor har kostnadsauken vore med masseflytting, og det er det mykje av på Stad skipstunnel.
Stortinget vedtok bygging av Stad skipstunnel i mai 2021 med ei kostnadsramme på 4.09 mrd. kroner inkl. mva. Den har seinare blitt indeksregulert til 5.06 mrd. 2024 kroner inkl. mva.
Då Stortinget handsama Prop. 1 S (2023–2024) heiter det mellom anna:
Kostnadsramma er lågare enn Kystverkets oppdaterte kostnads- og usikkerheitsanalyse som estimerer ein forventa kostnad (P50) på 5 652 mill. kroner og ein kostnadsramme (P85) på 7 132 mill. kroner, jf. Omtale i Prop. 118 S (2022–2023)
Det siste kjende talet på kostnader for bygging av Stad skipstunnel er frå 2023, og her er kostnadane oppjustert til 7,132 mrd. kroner inkl. mva. Ei vidare oppjustering i høve til generell prisstigning må også kunne leggast inn for Stad skipstunnel.
Når ein ser dette opp mot dei store overskridingane som mange samferdsleprosjekt på Austlandet har hatt siste åra er det heller ingen grunn til å vere beskjeden her i Vest.
Dette er henta frå rapporten «Blei Vestlandet lurt» frå Initiativ Vest som kom i sommar:
-
Follobanen skulle koste 11,7 milliardar. Prislappen blei 39,2 mrd.
-
Sandbukta-Moss-Såstad skulle koste 5,2 milliardar. Prislappen er nå 26,2 mrd. – men det er varsla nye kostnadssprekkar.
-
Råde-Fredrikstad, som regjeringa vil bygge i neste periode, var tenkt til å koste 2,7 mrd. I transportplanen anslår regjeringa at det vil koste 23,4 mrd.
«Stadhavet kan by på overraskingar ein helst ikkje vil ha, men som ein likevel får» Full mobilisering langs heile Vestlandskysten
No krevst det full mobilisering og synleggjering av alle dei viktige næringsprosjekta som er planlagde eller som allereie er etablert i dette området. Styringsgruppa for Stad skipstunnel, der mellom anna Vestland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommunen, kommunane i regionen, LO og NHO er med, har allereie samla inn meir enn 520 underskrifter på dette oppropet som er sendt til regjeringa og Stortinget.
«Vi krev at Stad skipstunnel no blir realisert. Dette er eit av dei viktigaste samferdselsprosjekta for norsk kystnæring i moderne tid. Prosjektet vil:
-
sikre trygg og føreseieleg ferdsel året rundt på ei av dei mest vêrutsette strekningane i landet
-
erstatte ei dårleg og farleg skipslei, på same måte som vegutbetringar gjer. Dagens farlege skipslei medfører at mindre fartøy taper verdiskaping ved å måtte ligge til kai, medan større fartøy må gå lenger ut på havet.
-
styrkje verdiskaping, eksport og konkurransekraft for norsk næringsliv
-
binde Vestlandet betre saman, skape nye bu- og arbeidsregionar og auke beredskapen langs kysten
-
redusere utslepp og gje store miljøgevinstar
-
opne for ny turisme og utvikling av kystsamfunna våre»
Fram til statsbudsjettet blir lagt fram og gjennom heile handsaminga av statsbudsjettet på Stortinget blir det heilt avgjerande å samle sterke argument for bygging av Stad skipstunnel. Det blir også viktig å bygge vidare på dei sterke alliansane som har vore for dette prosjektet.
Dette er det første statsbudsjettet etter valet, og fleire nye parti skal samarbeide med AP-regjeringa. Alle partia vil vere svært viktige når forhandlingane om statsbudsjettet skal gjennomførast, og det er også viktig at opposisjonen pressar på.
Det viktigaste av alt er ei massiv mobilisering langs heile Vestlandskysten dei komande 60 dagane. Då vil ein også lykkast til slutt.
Meiner prisdiskusjonen er storm i eit vannglass