Fylkesveg 615 mellom Storebru og Sandane har tidlegare blitt kåra til Norges nest verste veg. I år vart vegen nominert på nytt i ei ny kåring, og blei nok ein gong finalist.

Sjølv om alle kan vere einige om at vegen er alt for dårleg, fekk den ikkje tittelen som «norges verste».

Nesten 9.000 personar stemde i avstemminga til Opplysningsrådet for Veitrafikken (OFV). Det var fylkesveg 33 langs Mjøsa som fekk flest stemmer, og dermed er kåra til landets dårlegaste.

NRK melde først om resultatet av kåringa.