Det melder dei i ei pressemelding.
Arbeidet vil starte september neste år, og halde fram hausten 2029. Tunnelen, som er verdas lengste med sine snautt 25 kilometer, må bli oppgradert for å svare til krava i tunneltryggleiksforskrifta.
Dei første to åra blir tunnelen stengd frå kl. 18.00 til kl. 06.00 kvar dag. Det blir gjennomkøyring med buss til gitte tider for å sikre transport av folk mellom dei to kommunane Aurland og Lærdal. Utrykkingskøyretøy og legevakt får eigne ordningar for å sleppe igjennom.
Dette skal dei gjere
Arbeida i tunnelen omfattar mellom anna:
- Bygging av nye tekniske bygg i tunnel – 28 stk. i alt
- Sprenging og sikring av bergromma for desse bygga
- Etablering av havarilommer ved alle tekniske bygg
- Utviding av snunisjer i tunnelen
- Naudskåp med telefon og brannslokkarar for kvar 250 meter
- Kameraovervakning
- DAB-radio med moglegheit for innsnakk
- Nye bommar og skilt
- Ny belysning og naudlys
- Naudnett
- Ny og forbetra ventilasjon i tunnelløpet
- Nye avtrekksvifter for utlufting til Tynjadalen
- Rensebasseng for vaskevatn og utskilling av giftig og brannfarleg væske
Kjelde: Statens vegvesen
Eigentleg var planen til vegvesenet å stenge tunnelen heilt gjennom ein tenkt anleggsperiode på eit par år.
Det førte til store protestar, spesielt frå lokalsamfunna i Lærdal og Aurland, der folk er avhengige av tunnelen i kvardagen sin.
I staden blei det bestemd å stenge tunnelen på kveld og natt i minst to år. Endringa gjer at arbeidet blir skyvd ut i tid, og at prisen aukar. Den blir og halde open på tidspunkta Hardangervidda må halde stengd på vinteren grunna uvêr.