– Gjennom dei siste fire åra har eg blitt godt kjent med selskapet, den daglege drifta og folka som jobbar her. Det gjev tryggleik og eit godt utgangspunkt inn i den nye rolla, opplyser 51-åringen, som er busett i Granvin, i ei pressemelding.

Audun Brekke har mellom anna hatt ansvaret for fleire oppgraderingar ved sagbruket.

Han tek over leiinga i ei tid der byggjebransjen opplever ein utfordrande marknad.

– Sjølv om me leverer tilfredsstillande resultat, merkar me at marknaden er stram. Det som blir viktig framover er å byggja vidare på grunnlaget som ligg her, samstundes styrkja konkurransekrafta vår. Eg gler meg til å ta fatt på oppgåva saman med kollegaene mine, seier Brekke.

Fakta om Moelven Granvin Bruk AS

  • Moelven Granvin Bruk AS har 35 medarbeidarar og produserer trelast av gran.
  • Dei lagar til om lag 90.000 kubikkmeter tømmer kvart år.
  • Produkta inkluderer standarddimensjonar som blir brukt til konstruksjon og emballasje.
  • Anlegget har eit internt høvleri og eit grunningsanlegg for grunning av kledning.
  • Mykje av dei høvla produkta blir selt på den norske marknaden gjennom Moelven Wood AS.

Kjelde: Moelven Granvin Bruk

– Han har høg tillit mellom kollegaene, og kombinert med sine analytiske eigenskapar er me trygge på at Audun er rett person til å utvikla bruket vidare, seier Lars Storslett, styreleiar ved Moelven Granvin Bruk og divisjonssjef i Moelven Wood.

Gir seg etter ni år

Audun Brekke tek over etter Ørjan Kalsaas, som går vidare til ein ny jobb utanfor verksemda etter ni år som dagleg leiar.

– Dette har vore ei avgjerd som eg har måtte tenkja mykje over, og det er med tungt hjarte eg har valt å seia opp, seier Kalsaas.

Han seier han kjem til å sakna folka og jobben.

– Men etter snart ni år i same rolle var eg klar for eit nytt spor i karrieren min, seier han.


Takkar for innsatsen

Divisjonssjef og styreleiar Lars Storslett takkar Ørjan Kalsaas for jobben han har gjort.

– Han har styrt selskapet godt sidan han tok over i 2016, og me kan ikkje anna enn å ha respekt for at han no ynskjer nye utfordringar utanfor Moelven.

Kalsaas har sin siste dag i verksemda ved fjorden 30. november, før han startar som regionleiar i Bane Nor.