Eg snakka nyleg med ein fyr eg kjenner frå Tromsø.

– De må passa dykk for bodøværingane. Dei er akkurat som stormåsen, sa han og herma:

– Skal ha, skal ha. I fleire tiår har dei gjort krav på alt Tromsø har. No står Bergen for tur.

Og jammen hadde ikkje tromsøværingen rett.

I den stadig meir irriterande fylkeshovudstaden i Nordland går det føre seg ein politisk kampanje. Ein kampanje om å få kloa i statlege arbeidsplassar.

Det er i og for seg eit engasjement me kunne ha applaudert. Er det noko norske politikarar frå Finnmark i nord til Agder i sør burde ha stått saman om, ja, så er det jo å flytta statlege pengar, statleg makt, og statlege arbeidsplassar ut av Oslo.

Problemet er at arbeidsplassane desse nordlendingane vil ha tak i, er arbeidsplassar som i 125 år har hatt sin heilt naturlege plass i Bergen.

Me snakkar om ein av dei store suksessane i norsk forvalting.

I 1900, ja, allereie fem år før me vart kvitt svenskane, vart ansvaret for den norske fiskeriforvaltinga plassert i Bergen.

Det er ei suksesshistorie som har vist stor innovasjonskraft. Då Havforskingsinstituttet i 1989 vart skild ut av direktoratet, hadde dei for lengst skapt verdsleiande kunnskapsmiljø, som har autoritet langt ut over norske farvatn.

No skal det gamle vitale ekteparet, Havforskingsinstituttet med over 1000 tilsette, og Fiskeridirektoratet med nesten 450 årsverk, samlokaliserast på Dokken i Bergen.

Ambisjonen er å bidra til ei havklynge som verkeleg skal utvikla Norge som havnasjon.

Og, nei. Alle desse folka skal ikkje jobba i Bergen. I motsetnad til andre delar av forvaltinga, er Fiskeridirektoratet allereie ein desentralisert organisasjon, med 20 kontor mellom Vadsø i nordaust til Egersund i sørvest, ja, og ein liten filial ved Fredrikstad i Ytre Oslofjord.

Det er likevel heilt essensielt at hovudkontoret ligg der kunnskapsmiljøet er størst og sterkast.

Det er i dette havgapet Nordland, og særleg Høgre i Nordland, no prøver seg på tjuvfiske i rørt vatn.

Om du googlar «å fiska i urørt vatn», vil du finna ut at det er eit bilde på å utnytta ein uoversiktleg situasjon på ein lite aktverdig måte.

Det uoversiktlege med denne situasjonen er at Stortinget har bestemt at mandatet til Fiskeridirektoratet skal utvidast, og at det framtidige namnet skal verta Fiskeri- og havbruksdirektoratet.

Det er her Bodø og Høgre har fått blod på tann. I Stortinget har bodøværingen Bård Ludvig Thorheim (H) plaga fiskeriministeren med det som må karakteriserast som eit heller leiande spørsmål:

«Vil statsråden sikre at havbruksdelen av det nye fiskeri- og havbruksdirektoratet legges til Norges største sjømatfylke Nordland?».

Her er det fleire ting å ta tak i. For det første, er det diskutabelt kva som eigentleg er det største sjømatfylket i landet. Den siste rapporten om verdiskaping og ringverknadar frå sjømatnæringa, viser at det er Vestland verdiskapinga er størst.

Men, hallo, skal norsk havbruksforvalting styrast etter eit prinsipp om at «eg har større laks enn du har»?

Bodø 20230727. 
Leder i høyre, Erna Solberg, reiste til Bodø der hun skal se på fotballkampen mellom Bodø/Glimt og Bohemians Prague. Før kampen skal Bodø Høyre lansere et forslag for å bekjempe mobbing i Bodøskolen.
Foto: Rodrigo Freitas / NTB

Erna Solberg klør seg i hovudet før fotballkamp i Bodø. Bodø-ordførar Odd Emil Ingebrigtsen (H) og stortingsrepresentant Bård Ludvig Thorheim (H) ivrar begge for å flytta Fiskeri- og havbruksdepartementet til Bodø.
Foto: Rodrigo Freitas

Det viktige her, er at Norge ikkje er tent med å bryta opp i eit av dei aller viktigaste kunnskapsmiljøa me har, uansett bransje, utanfor hovudstadsområdet. Distriktspolitisk er det òg ein håplaus manøver.

Statsråden burde sjølvsagt ha gitt eit ganske kort og konsist svar på spørsmålet. Nemleg: Nei!

Fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss (Ap), som for ordens skuld er frå Finnmark, var litt meir diplomatisk i stilen, og svara at geografisk plassering av havbruksdelen av direktoratet ikkje er noko tema på noverande tidspunkt.

Det hindrar ikkje bodøværingane i å kasta seg på den stolte norske paradegreina lokaliseringsstrid.

I juni vart det sendt ut ei underleg pressemelding frå Nordland fylkeskommune. Der går det fram at Høgre krev at Fiskeri- og havbruksdirektoratet må lokaliserast i Nordland.

Er det Nordland Høgre eller Høgre som nasjonalt parti som krev dette? Både ut frå spørsmåla på Stortinget, og kommunikasjonen frå fylkeskommunen i Nordland, er dette høgst uklart.

Så uklart at statsministerkandidat Erna Solberg snarast bør fortelja oss kva som er den offisielle politikken til Høgre.

Når Erna Solberg reiser på stemmefiske i Nordland, er det ikkje kven som helst ho møter. Sittande Bodø-ordførar Odd Emil Ingebrigtsen (H) var fiskeriminister i den førre Høgre-regjeringa, og nettopp mannen som lanserte ideen om Fiskeri- og havbruksdirektoratet.

I 2023 reiste Erna Solberg til Bodø for å møta Ingebrigtsen i samband med at Bodø/Glimt spelte europacupkamp mot tsjekkiske Bohemians.

Om ein studerer bilda frå besøket, ser ein at Erna Solberg er litt utilpass og på vakt. Kven ville ikkje ha vore det?

Bodø-ordføraren møtte Solberg i signert gul Glimt-trøye. I bakgrunnen luska stortingsmannen Bård Ludvig Thorheim i gult skjerf.

Og det skal Erna Solberg ha. På fotballkamp har politikar etter politikar dumma seg ut med å kle seg i alskens drakter og supporterskjerf.


Trondheim. Statsminister Thorbjørn Jagland trakk i Rosenborg-trøya i valgkampen torsdag. (NTB-foto: Gorm Kallestad)

Torbjørn Jagland tok på seg Rosenborg-trøye på Brakka i Trondheim. Han greidde likevel aldri å overtala Nils Arne Eggen til å verta statsråd, sjølv om han prøvde.
Foto: Gorm Kallestad

Ingen, så vidt eg veit, har dumma seg meir ut enn Thorbjørn Jagland. Han presterte å verta ekskludert frå supporterklubben til Strømsgodset, etter å ha vorte observert på Lerkendal i Trondheim både med Rosenborg-drakt og -skjerf.

Slikt driv ikkje Erna Solberg med. Heldigvis for oss alle.

Akkurat som Audun Lysbakken (SV) veit Erna Solberg umåteleg godt kva drakt og skjerf som er akseptabelt å bruka på fotballkamp.

Dei to lojale Brann-supporterane har tidlegare vore heilt sentrale for prosjektet om å få samlokalisert Havforskningsinstituttet og Fiskeridirektoratet på Dokken.

Som statsminister i 2017 kom Solberg til Bergen og lova realisering av planane.

Lysbakken, på si side, var mannen som redda både flytteprosjektet og omdømmet til regjeringa, då Senterpartiet og Arbeidarpartiet prøvde for å skrinlegga planane i 2022.

Brann møtte i dag Lillestrøm LSK i finale i norgesmesterskapet 2022. På grunn av pandemien ble avslutningen av fjorårets cup flyttet til i år.  Ullevål Stadion Cupfinale SK Brann 

Audun Lysbakken
Erna Solberg

Audun Lysbakken og Erna Solberg eksemplarisk kledd under cupfinalen i mai 2023. Begge har gjort ein innsats for å få Fiskeridirektoratet flytta til Dokken.
Foto: EIRIK HAGESÆTER

No må Erna Solberg på banen, for å kommentera det partifellane i Nordland driv på med. Kan ein risikera at Høgre i regjering vil svekka og vingeklippa fagmiljøa i Bergen, for å flytta store delar av direktoratet til Bodø?

Det vil ikkje berre vera uansvarleg ovanfor dei eksisterande kompetansemiljøa, og dei framtidige visjonane på Dokken. Det vil òg vera skadeleg for Høgre sitt regionalpolitiske rykte.

I inneverande periode måtte nemleg opposisjonen setta den førre Ap- og Sp- regjeringa ettertrykkeleg på plass. Dei ønskte nemleg å endre politikken for utflytting av statlege arbeidsplassar.

Frå at arbeidsplassane skulle flyttast ut av Oslo, prøvde Sp-statsråd Sigbjørn Gjelsvik å legge til at ein òg burde flytta arbeidsplassar ut av dei andre store byane, som Bergen, Stavanger og Trondheim.

Det ville ha vore ei gåvepakke til ein norsk by. Den heiter Oslo.

No ser det ut til at òg Høgre treng å læra den same leksa.

Det er heilt greitt av Bodø å henta fotballtrenarar frå Bergen. Å starta aksjonar for å rasera bergenske kunnskapsmiljø, og å bidra til ein splitt-og-hersk-logikk i norsk distrikts- og regionalpolitikk, bør bodøværingane derimot halda seg for gode til.

Fiskeri- og havbruksdirektoratet skal nemleg ingen plass. Bodø må ver så god reisa til Oslo for å leita etter andre statlege arbeidsplassar å gjera krav på.

Det bør òg Erna Solberg gje tydeleg beskjed om.

Les også

Sensasjon: Dette er ein byråd som verkeleg fortener skryt!

Les også

Regjeringa kastar Bergen under båten