Sjølve avstemminga blei gjort tysdag ettermidag: 54 røysta for, 47 mot.

Kristeleg folkeparti, Senterpartiet og Venstre fremja forslaget om å la Kystverket halde fram og fullføre dei pågåande forhandlingane med entreprenørane for å få ein endeleg pris for tunnelen til ni milliardar.

Høgre og Framstegspartiet slengte seg med, og sikra med et fleirtal for løysinga.

– Svekker tilliten

– At skipstunnelen blir foreslått skrota av Ap, føyer seg inn i ei rekke av eksempel på at Nordvestlandet blir nedprioritert, seier Lillestøl til Firda.

Han har nettopp halde tale på Stortinget sjølv, der han langa ut mot Arbeidarpartiet si avgjersle om å droppe skipstunnelen.

Den ferske stortingsrepresentanten meiner det går ut over tilliten til det offentlege om prosjektet blir skrota.

– Det er allereie brukt hundrevis av millionar på planlegging og tomtekjøp, påpeika han frå talarstolen.

– Hugs at av dei 9,4 milliardane Støre viser til, finn du momsutgifter, altså pengar staten betalar til seg sjølv. Man finn og eit garantibeløp på ein milliard kroner, som det ikkje er sikkert vil bli nytta.

Tog i aust, ingenting i vest?

– Regjeringa har sagt dei vil prioritere å betre sjukehus- og kommuneøkonomien og finansiere Forsvaret. Må ein ikkje prioritere vekk noko då, Lillestøl?

– Det som er så kjipt med det Ap gjer no, er at dei ikkje eingong vil ferdigforhandle prisen. Det kostar pengar med samferdsle, og det skulle berre mangle at ein brukar noko på Vestlandet og. Vi skal bruke 1000 milliardar kroner på samferdsle dei neste ti åra, og veldig lite av det skal til Nordvestlandet. Vi blir nedprioritert, svarar Lillestøl, og viser mellom anna til svindyre jernbaneprosjekt på Austlandet.

– Her blir prosjekt skrinlagt, og vi har ikkje jernbane. Det er ikkje bygd éin meter veg i Sogn og Fjordane dei siste åra, og vi blir nedprioritert igjen av Ap når dei droppar skipstunnelen. Då er det stort å sjå at Stortinget i alle fall vil prioritere Nordvestlandet.

Dette er forslaget:

«Stortinget ber regjeringa sikre at Kystverket held fram og fullfører dei pågåande forhandlingane med dei utvalde entreprenørane i arbeidet med Stad skipstunnel for å få fram ein endeleg pris, samt jobbe fram kostnadsreduserande tiltak».