– Det vi treng no, er å få forhandla inn ei formulering om at ein skal starte opp KS2 (Ein kvalitetssikringsrapport), og allerhelst førebuande løyvingar til detaljprosjektering og grunnerverv, seier Sunnfjord-ordførar Jenny Følling.

I ei pressemelding frå Regjeringa i samband med statsbudsjettet heiter det at:

«Regjeringa foreslår til saman 50,4 milliardar kroner til vegformål.

Regjeringa prioriterer framleis eit høgt nivå på drift og vedlikehald av riksvegnettet og foreslår å løyve 11,4 milliardar kroner til drift og vedlikehald av riksvegnettet i 2026. Dette legg til rette for eit trygt vegnett med god framkome i heile landet.

– Vi følger opp lovnadene i Nasjonal transportplan 2025–2036 ved å vidareføre og styrke det høge nivået til drift og vedlikehald på riksveg frå 2025. For at vi skal ha eit godt, sikkert og fungerande vegnett og for at vegane skal kunne bli brukt trygt i mange år, er godt vedlikehald avgjerande, seier Nygård.

24,4 milliardar kroner skal gå til investeringar på riksvegane, noko som vil gi rasjonell framdrift i igangsette prosjekt. Det er lagt opp til anleggsstart for andre byggetrinn av E134 Oslofjordforbindelsen i Akershus, E45 Kløfta i Finnmark og Fellesprosjektet Vossebanen/E16 Arna–Stanghelle i Vestland. I tillegg blir det prioritert i 2026 for E39 Figgjo–Ålgård i Rogaland

Ikkje eitt ord om Hafstadfjelltunnelen, altså.

Gir ikkje opp

Men Jenny Følling er ikkje budd på å gje opp:

– Dei prosjekta som står der, er jo dei som har starta opp og er heilt gryteklare. Det eg hadde venta skulle stå om Hafstadfjelltunnelen var at det skulle setjast i gang ein KS2, seier ho.

Ein KS2 skal vere ein etterkontroll av om grunnlaget for å fremje forslag om godkjenning av prosjektet med kostnadsramme er tilstrekkeleg, og peike framover ved å kartlegge dei styringsmessige utfordringar i gjennomføringa av prosjektet.

– Og det er det Statens vegvesen treng eit klarsignal på. Før KS2 er klar, er ikkje prosjektet i posisjon til å få løyvingar, seier Følling.

No startar forhandlingane, seier Følling:

– Det vi treng no, er å få inn ei formulering om at ein skal starte opp ein KS2, og aller helst førebuande løyvingar til grunnerverv og detaljprosjektering. Men KS er det viktigaste. Det må på plass før dei neste to tinga kan gjerast.

Gulrot til Sp?

– Det har vore spekulert i at Ap ville utelate Hafstadfjelltunnelen, nettopp for å ha ei gulrot å gje Sp og MDG i forhandlingane. Trur du det er strategien?

– Generelt kan eg seie at stategien er at det blir lagt fram eit statsbudsjett som det må forhandlast om i Stortinget, sidan dei er ei mindretalsregjering. Det blir nok krevjande forhandlingar, men så tydelege som Sp og MDG har vore på at hafstadfjelltunnelen skal startast opp, så ventar eg at det blir forhandla inn formuleringar om KS2, og aller helst førebuande løyvingar.

–Senterpartiet har også vore varme forkjemparar for Stad skipstunnel. Om ein kjem i ein situasjon der ein må velje mellom den og Hafstadfjelltunnelen, kva gjer Sp då?

– Stad skipstunnel er eit nasjonalt prosjekt, og eit kystprosjekt, som ligg under Kystverket. Slik sette burde ikkje det konkurrere med veg.

– Men om ein likevel må velje?

– Eg kan ikkje spekulere meir i det.

Firda kjem tilbake med meir