I mai oppstod det panikk blant sosialbyråkratane i Bergen kommune. Dei hadde nemleg gitt byrådet forhåpningar om at ein kunne spara 34,45 millionar i året på kutt i den kommunale bustøtta.

I slutten av april vedtok bystyrefleirtalet å kutta i bustøtteordninga.

Nokre veker etter bystyremøtet fekk ikkje byråkratane reknestykket til å gå opp. Basert på vilkåra bystyret hadde lagt til grunn i sitt vedtak, førte ikkje kuttet til innsparingar på meir enn 13,8 millionar.

Altså meir enn 20 millionar mindre enn det ein la til grunn i sakspapira som vart lagt fram for bystyret. Sakspapira hang rett og slett ikkje saman:

Feil nummer ein: Basert på retningslinjene bystyret vedtok, var målet om å spara 34,45 millionar totalt urealistisk.

Grunnen var at byrådet allereie hadde gjort ein pinleg feil. Dei hadde nemleg ikkje tatt med premissen som gjorde at kuttet på 34,45 millionar skulle vera realistisk, då vedtaket vart formulert. For at kuttet skulle vera oppnåeleg, måtte ein i tillegg ha vedtatt å halvera tillegget som vert gitt til einslege som mottek bustøtte, noko byrådet trudde var ein del av vedtaket. Det var det slettes ikkje:

Feil nummer to: Byrådet slurva då dei skreiv vedtaket og visste ikkje kva dei anbefalte bystyret å vedta.

Den mest alvorlege feilen, som kan kosta Charlotte Spurkeland jobben som sosialbyråd, var korleis bustadkontoret og byrådsavdelinga handterte desse to første feila.

Om dei skulle ha gjort rett, noko bustadkontoret først prøvde på, burde dei gått tilbake til byråden og sagt: Sorry, men bystyret har kutta over 20 millionar mindre enn du trudde.

I staden gjorde dei, på oppfordring frå byrådsavdelinga (!), ein ny feil for å dekka over dei to første feila.

I staden for å retta seg etter bystyrevedtaket, redigerte dei inn eit nytt premiss som ikkje låg inne i det vedtaket som bystyret hadde gått inn for.

Dei la til følgande setning for å få reknestykket til å gå opp: «og det ordinære enslig-tillegget halveres».

Den interne korrespondansen som BA tidlegare har vist fram, viser at det vart gjort med vitande og vilje. I staden for å stikka fingeren i jorda, og innrømma at kuttet på 34,45 millionar var bygd på feil premissar, endra dei premissane i strid med kva bystyret hadde vedteke.

Dei sende altså rekninga for eigne byråkratiske feil til bustøttemottakarane i staden for til byrådet.

Å redigera i eit lovleg fatta bystyrevedtak er så langt unna god byråkratisk skikk ein kan komma. Det var likevel det som vart gjort. Det er sjølvsagt skjerpande at dette gjekk ut over langt over tusen vanskelegstilte bergensarar.

Første feil for å retta opp i feil, var altså: Å i skjul, med vitande å vilje, endra på eit bystyrevedtak, for å få inn meir pengar til kommunekassen.

Eli Waagbø Bøe klaget på bostøtte-feilen i henhold til bystyrets vedtak i mai. Vi møtte henne sammen med nabo Irene Fjeldsbø (til venstre).

Irene Fjeldsbø og Eli Waagbø Bøe oppdaga at det var noko feil med bustøttevedtaka dei hadde fått, og at dei fekk mindre pengar enn dei skulle hatt. Likevel vart dei ikkje lytta til då dei klaga til kommunen.
Foto: ANDERS KJØLEN

Dessverre sluttar ikkje serien med feil her.

Ein pliktoppfyllande saksbehandlar, ja faktisk den same som oppdaga den andre feilen, gir beskjed om at fleire barnefamiliar hadde fått mindre pengar enn dei har krav på.

Feil nummer tre: Ein reknefeil gjer altså at dei av barnefamiliane som har meir enn tre barn får 120 kroner for lite kvar månad.

Igjen, finst det ein korrekt måte å handtera ein feil på. Likevel vel byrådsavdelinga nok ein gong (!) å anbefala at kommunen gjer ein ny feil for å dekka over denne feilen.

I staden for å betala tilbake det kommunen skuldar barnefamiliane, vel byrådsavdelinga (!) å anbefala bustadkontoret å lata som ingenting.

«Det var nå heldigvis ikke så stor forskjell, dette gjelder heller ikke så mange husstander, så jeg ville anbefale at dere ikke gjør om vedtakene», vert det sagt frå byrådsavdelinga i den interne korrespondansen.

Andre feil for å retta opp i feil, er dermed eit faktum: Å la vera å ordna opp når kommunen har oppdaga at fleire familiar har fått mindre pengar enn dei har krav på.

I same slengen gjorde byrådsavdelinga òg ein ny feil.

For 120 kroner ekstra kvar månad kan ein barnefamilie i løpet av to månadar til dømes kjøpa 12,5 kilo poteter. 120 kroner i månaden er ikkje småpengar for ein vanskelegstilt barnefamilie.

Feil nummer fire: Manglande forståing for økonomien til vanskelegstilte barnefamiliar.

Summen av desse fire feila, men særleg dei to feila som vart gjort for å retta opp andre feil, avdekker noko skremmande.

Nemleg at det for sosialbyråkratane i kommunen ser ut til å vera viktigare å pleasa eit byråd med akutt behov for å kutta kostnadar, enn å faktisk gje vanskelegstilte bergensarar det bystyret har bestemt at dei har krav på.

Dei fire feila er slike feil som kan skje.

Dei to feila som er gjort for å dekka over desse feila, er derimot feil som aldri skal skje. At det er gjort slike feil to gongar, som begge er på kollisjonskurs med bystyrevedtaka, er alvorleg.

At det er byrådsavdelinga, som altså er leia av sosialbyråd Charlotte Spurkeland (H) som har tatt initiativ til at desse feila faktisk er gjort, er ekstra kritikkverdig.

Normalt er dette meir enn nok til at eit bystyre burde be ein byråd om å gå av. Å gjennomføra bystyrevedtak er kjerneoppgåva til ein byråd. At ei byrådsavdeling med vitande og vilje gjer om på eit lovleg fatta bystyrevedtak, er noko eit bystyre eigentleg aldri kan akseptera.

Samanlikna med andre byrådsavgangar i Bergen er dei politiske realitetane veldig enkle, og peikar i klar retning av at byråd Spurkeland bør gå av.

Det spesielle med saka, er likevel at feila har gjort det vanskelegare, ja i praksis umogleg, for byrådet å gjennomføre dei usosiale kutta i den skalaen som byrådet eigentleg ønskte.

Hadde byråkratane i byrådsavdelinga late vera å gjera feila som skulle dekka andre over feil, ville Charlotte Spurkeland kunna gå tilbake til bystyret og få gjennomført eit nytt vedtak i tråd med byrådet sine intensjonar om å flå økonomisk vanskelegstilte i Bergen.

Når skandalen først har vore eit faktum, har Spurkeland handtert det heile på ein nesten prikkfri måte. Ho har lagt seg paddeflat. Lagt alle kort på bordet. Og bidrege til at nye fakta har komme fram i saka.

På eitt vesentleg punkt har likevel Spurkeland utfordra dei parlamentariske spelereglane i for stor grad. Openheita om kva som har skjedd, har langt på veg kasta mistanke om at det er andre i byrådsavdelinga som eigentleg er ansvarlege for feila som er gjorde.

Med respekt og melda: Slik fungerer ikkje parlamentarismen. Slik kan ikkje parlamentarismen fungera. Det som skjer i byrådsavdelinga er berre byråden sitt ansvar. At nokon i byrådsavdelinga gjer noko så udemokratisk som å retta på eit bystyrevedtak er byråden sitt problem.

Om ikkje Spurkeland visste, er det Spurkeland sitt ansvar at ho ikkje visste. Byråden sin viktigaste jobb er å sjå til at bystyret alltid får viljen sin. Bystyret kjenner ingen andre enn byråden, og har ikkje noko anna val enn å halda byråden ansvarleg.

Ein byråd kan delegera arbeidsoppgåver til andre i avdelinga si, men aldri ansvaret.

Feila som har gjort for å dekka over feil, er nemleg så alvorlege at bystyret ikkje bør akseptera dei.

Ingenting tyder på at Charlotte Spurkeland har ønska at desse feila skal skje. Likevel er det hennar ansvar at bystyret har fått ei sak prega av slurv, og at byrådet nok ein gong ikkje er i stand til å gjennomføra dei kutta dei har lova. Men langt meir alvorleg: Det er Spurkeland sitt ansvar at byrådsavdelinga ved to høve har gjort nye alvorlege feil for å dekka over andre feil.

Om bystyret ser mellom fingrane når byrådet i skjul rettar på bystyrevedtak, og ikkje tar grep når fattige barnefamiliar får mindre pengar enn bystyret har bestemt at dei skal ha, kan ein like godt avskaffa byparlamentarismen som styreform.

Når Charlotte Spurkeland varslar at ho vil setta i gang ei ekstern gransking av si eiga byrådsavdeling, kan ein lura på om Spurkeland sjølv har tillit til seg sjølv som byråd. Det er enkelt og greitt Spurkeland sitt leiaransvar å vita at byrådsavdelinga gjer jobben sin. Om det er ein ukultur i hennar avdeling, har ho hatt to år på å rydda opp i dette.

Vi møter Charlotte Spurkeland på det som kanskje blir nytt MO-senter i sentrum.

Charlotte Spurkeland kan ikkje delegera bort ansvaret ho har som byråd, og må ta ansvaret for at byrådsavdelinga hennar har gjort graverande feil, meiner politisk kommentator i BA, Sølve Rydland.
Foto: Helen wesnes

Dette er på ingen måte nokon kjekk konklusjon, eller nokon konklusjon eg tar lett på, men om ikkje Christine Meyer byter ut Charlotte Spurkeland som sosialbyråd, bør bystyret gjera det.

Til sjuande og sist er det ganske enkelt: Feila som er gjort er uakseptable. Det er byråden sitt ansvar. No er det opp til bystyret å visa at dei kjenner sitt ansvar.