– Me er ikkje halvvegs enno. Det har vore uvanleg tungt å rekruttera bøsseberarar i år, seier Merethe Elin Kvia, koordinator for TV-aksjonen i Hå.
Totalt har dei 200 bøsser i kommunen. Status torsdag formiddag var at Hå mangla 10-12 bøsseberarar i Ogna-krinsen, rundt 30 på Vigrestad, 10-12 på Varhaug og rundt 60 på Nærbø.
I dei fleste kommunar startar bøsseberarane klokka 16, men i Hå går dei ut allereie klokka 15.
Pengane går til Atlas-alliansen
Kvia fortel at det vanlegvis har vore litt manko nokre dagar før, men det er uvanleg at mangelen på bøsseberarar er så stor så kort tid før dagen – som er førstkomande søndag.
Derfor håpar ho at mange vil gå inn på TV-aksjonen sine nettsider og melda seg. Der kan alle finna sin kommune, og i dei fleste kommunar også be om ein ønskt oppmøtestad.
Torsdag gjekk Hå også ut etter fleire bøsseberarar via Facebook-sidene sine.
– Det krev ikkje mykje, men det betyr alt for dei som får hjelpa, heiter det der.
Pengane frå årets TV-aksjon på NRK går til Atlas-alliansen, som skal bruka dei til skulegang, helsetenester og naudhjelp for 200.000 menneske med funksjonsnedsettingar og familiane deira.
Manglar 75 i Time
Også i Time har det gått tregt med rekrutteringa i år.
– Me har cirka 50 bøsseberarar så langt, og me treng 125 totalt, seier koordinatoren for TV-aksjonen i Time, Anita M. Stokdal, til Jærbladet torsdag formiddag.
– Per no ser det litt betre ut med dekninga sentralt på Bryne enn i bygdene, men me har behov for folk over alt, seier Stokdal til Jærbladet.
Ho fortel at det vanlegvis har gått litt opp og ned med rekrutteringa. I fjor hadde dei fleire som melde seg enn det var ruter til, men Time har også tidlegare år har hatt ein liknande manko som i år.
– Å hjelpa funksjonshemma som lever i krig og fattigdom er ei viktig sak, så eg håpar mange melder seg, seier ho.
Stor mangel i Klepp
Klepp kommune gjekk måndag formiddag ut på Facebook-sida si og fortalde at dei mangla cirka 150 bøsseberarar.
– Me har berre 35 påmelde, så her er rom for mange fleire, heiter det i Facebook-posten.
Etter det har dei fått inn 55 til, så no er mankoen på rundt 100 bøsseberarar, opplyser koordinator Amanda Tremlett i Klepp kommune.
– Me håper at fleire, både enkeltpersonar og lag og organisasjonar, melder seg. Og etter runden blir det kake og kaffi til alle på Folkehjelpshuset, fortel Tremlett.
Ho fortel at dei vanlegvis har mangla nokre bøsseberarar fram mot aksjonsdagen, men at mangelen er uvanleg stor i år.
– Så vidt eg har forstått er dette eit problem på landsbasis, seier Tremlett.