FORUS: Onsdag blei oljeserviceselskapet Petrolink AS slått konkurs i Sør-Rogaland tingrett. Det er styret i Petrolink som fremma konkurskravet.

Leif Inge Håland blir bustyrar for konkursen.

Papira frå tingretten seier ikkje noko om verken gjeld eller eigendelar, men rekneskapen for 2024 viser eit underskott på 13,1 millionar kroner. Bakteppet er tap på eit krav mot morselskapet på 14,6 millionar.

Petrolink har gått i underskott både i 2021, 2022, 2023 og 2024. Per 2024 var eigenkapitalen 4,9 millionar kroner i minus.

Selskapet blei stifta i 1990.

I årsrekneskapen, datert i juni, er dei oppført med ti årsverk. Det er fordelt på 20 tilsette, ifølgje selskapets nettside.