For tredje gong skal det kårast «årets servicemedarbeidar» og «årets bedrift» i Førde. Vinnarane blir utnemnd i slutten av oktober, under Førde Industri- og Næringssamskipnad (FINS) sin årlege handelskonferanse.
Konferansen er bransjekonferanse for alle som driv eller jobbar innan handel- og service. Den blei oppretta i 2022, for å setje lys på fagfeltet. Målet er å inspirere og løfte dei som jobbar i næringa, og vidareutvikle Førde som handelsstad.
– Det er mange som tenker at dette ikkje er ein konferanse for dei, fordi dei ikkje jobbar innan handelsnæringa. Men den er ikkje berre for dei som driv med handel, men også dei i servicebransjen, og den omfamnar ganske mange. Alt frå kundesenter til hotell, butikk, handverkarar og bank, det er veldig mange som jobbar med service, seier Steen.
No kan nominere dei du meiner fortener prisen som årets servicemedarbeidar og årets bedrift.
– Her kan alle nominere kandidatar, dele si oppleving og framheve dei som har utmerka seg i møte med andre, seier Steen.
HER KAN DU NOMINERE DINE KANDIDATAR:
Fristen for å nominere er 23. oktober.
Etter nominasjonsrunde vil ein jury velje ut topp 3 i kvar kategori. Juryen er representantar frå eit breitt spekter av bransjar, og består av: Rolf Arne Rognaldsen, Trond Valaker, Anne Karin Steen, Frode Svidal og Geir Opseth.
Deretter vert det avstemming på firda.no i perioden 24. – 29. oktober.
I fjor var det Celine Myren som fekk prisen for årets servicemedarbeidar og Gyngehesten som vart kåra til årets servicebedrift.
I 2023 var det Kristian Myrmel som fekk prisen for årets servicemedarbeidar og Kontorsenteret for årets servicebedrift.