I vekene og dagane før valet, var Arbeidarparti-leiinga tydelege:

Gratis ferjer, som dei vi har i Sogn og Fjordane, skulle halde fram. Og ordninga skissert for studiegjeld-kutt var det høgresida som ville kome til å ta vekk om ikkje Jonas Gahr Støre fekk behalde jobben som statsminister.

Men i forslaget til statsbudsjett frå Ap er gratisferjer ein saga blott, og folk flest i Sogn og Fjordane vil ikkje likevel få 25.000 kroner kutta vekk frå studiegjelda si.

No seier Støre og nestleiar i Ap, Jan Christian Vestre, unnskyld overfor VG.

– Svaret mitt i Øyposten blei feil, og det ber eg om unnskyldning for. Eg burde heller sagt at det viktigaste for Arbeidarpartiet er rimelege ferjeprisar, og ikkje sagt gratis ferje ettersom vi foreslår å endre den ordninga i statsbudsjettet som vi la fram denne veka, skriv han til VG.

STUDIEGJELDKUTTET – SOM IKKJE KJEM: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) og dåverande finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) slapp nyheita at regjeringa kuttar studielånet for innbyggarar i distriktskommunar før dei skulle på åpningsseremonien for Hellesylt Hydrogen Hub i fjor. Så braut Støre løftet for folk flest.
Foto: Javad M. Parsa

Også Vestre beklagar. Han la ut ein etter video på sosiale medium der han åtvara mot høgresida, og trekte mellom anna fram nettopp gratisferjer og studiegjeldordninga som noko Ap ville vidareføre.

– Punktet om gratis ferje burde ikkje vore med i filmen. Eg burde ikkje trekt fram denne saka når vi foreslår det same i statsbudsjettet for neste år som vi la fram denne veka. Eg burde også droppet punktet om gjeldslette. Det er mitt ansvar og det er eg lei meg for, skriv han til VG.

Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum krev at Ap snur i sakene for at partiet hans i det heile skal sette seg ned ved forhandlingsbordet.

– Eg skjønner at dei skammar seg for det – det er skammeleg å seie noko så rett ut når du veit at det er feil. Men det er berre éin måte å rette opp i det på, og det er å gjere det ein faktisk sa. Og det blir ikkje noko start på budsjettforhandlingane før dei gjer det. Både når det gjeld studiestøtte og gratis ferje, seier han til VG.

– Blir stum

Valet om stortingsplass hadde han nok tapt uansett, men Olve Grotle (H) er ikkje imponert over framferda til Arbeidarpartiet.

– Dette skil seg frå det ein ofte kan sjå frå politikarar, at vi kan ta munnen litt for full og love ting som kanskje ikkje blei så enkelt likevel. Det er vi vant med, og det gjeld oss alle. Det trur eg og veljarane kan ha forståing for. Men det oppsiktsvekkande her, er at ein veit at ein allereie har bestemd seg.

TAPTE VALET: Olve Grotle mista stortingsplassen sin, med mange tusen stemmers margin.
Foto: Roy Sunde

– Dei ville korkje ha studiegjeldkutt eller gratisferjer, og dei visste det. Då er det spesielt å seie det motsette. Ein blir jo stum, seier Grotle.

Partileiaren hans, Erna Solberg, har gått ut og sagt at sjølv om ho ikkje er glad å bruke ordet «løgn», finn ho ikkje ein meir passande beskriving av det Støre og Arbeidarpartiet har halde på med i denne saka.