Denne veka la finansminister Jens Stoltenberg (Ap) fram statsbudsjettet. Eit budsjett som tilsynelatande inneheldt ei solid satsing på norske kommunar.
Bergen kommune får 969 millionar meir enn i fjor. Det er veldig mykje pengar.
Utfordringa er at når ein tar høgde for lønnsvekst, prisvekst, og det faktumet at fleire vert eldre, har veldig mykje av vinninga for lengst gått opp i spinninga.
Frå år til år vert det nemleg skremmande mykje dyrare å driva ein norsk kommune.

Jens Stoltenberg (Ap) gir kommunane veldig mykje pengar. På kjøpet følger meir og meir statleg detaljstyring.
Foto: SKJALG EKELAND
Faktisk meiner finansbyråd i Bergen, Jacob Mæhle (H), at det eigentleg berre er 55 millionar att i nytt kommunalt handlingsrom.
I kommunebudsjettet som skal leggast fram neste veke, som er på over 30 milliardar kroner, er ikkje 55 millionar så mykje å skryta av lenger.
Likevel er det lett å tru at noko skurrar når norske kommunepolitikarar snakkar om kor vanskeleg det er å driva kommune.
Høyr berre her. På ti år, frå 2015 til 2025, har kommunebudsjettet til Bergen vorte dobbelt så omfangsrikt, og auka frå 15 til 30 milliardar kroner.
Har eigentleg kommunane grunn til å klaga?
Ja. Dei har faktisk det. Grunnen er at det slettes ikkje berre er pengar staten har pøst ut i kommunane. Dei har òg pøst på med minst like store dosar av krav, normer, retningslinjer og rettigheiter.
Alle som ein har vore velsigna med dei aller beste og mest velmeinte intensjonane.
Eg nemnde at du skulle få eit skuleeksempel. Det kjem her:
Mellom 2020 og 2024 vart det 200 færre elevar i dei kommunale grunnskulane Bergen. Det viktigaste lokalpolitiske målet i denne perioden var å vri ressursbruken frå skule og mot eldreomsorg.
I den same perioden, der det altså vart færre elevar og fleire eldre, vart det tilsett over 400 nye årsverk i bergensskulen.
Basert på grove anslag kosta dei nytilsettingane Bergen kommune om lag 300 millionar kroner ekstra årleg.
I den same perioden auka inntektene kommunen fekk frå staten med 3,4 milliardar kroner. Det høyrest jo fint og flott ut.
Problemet er berre at lønns- og prisveksten åt opp nesten heile denne økonomiske veksten. Den reelle veksten i dei frie inntektene til kommunen var på om lag 400 millionar kroner i løpet av desse fire åra.
Tre fjerdedelar av veksten i handlingsrommet kommunen fekk frå staten gjekk altså med til å tilsetta fleire lærarar og andre tilsette i bergensskulen.
Den viktigaste grunnen til at talet på dei skuletilsette auka så kraftig, var at Stortinget innførte ei ny lærarnorm, som skulle gjelda for alle skular.
Lærarnorma slår fast at det ikkje skal vera meir enn 15 elevar per lærar på første til fjerde trinn og ikkje meir enn 20 elevar per lærar på femte til tiande trinn.
Før lærarnorma vart innført hadde Bergen gjort ei god gammaldags lokalpolitisk prioritering. Bystyret hadde bestemt at ein skulle bruka mest pengar på skular i område med levekårsutfordringar, og derfor bemanna opp på desse skulane med fleire lærarar.
Medan kommunen overoppfylte lærarnorma på nokre skular, låg dei under dei nye krava på andre.
Konsekvensen av lærarnorma var at kommunen måtte vatna ut denne satsinga, og i staden bemanna opp på skulane der kommunen meinte at behovet var lågare.

Damsgård skole var ein av skulane som kommunen prioriterte å bruka ekstra ressursar på. Etter lærarnorma må dei bruka like mykje lærarressursar på alle skulane.
Foto: EIRIK HAGESÆTER
Det er ikkje berre gjennom lærarnorma at Stortinget stramma inn grepet på korleis kommunane skulle styra skulane. I same periode vart mellom anna rettigheitene til elevane styrka og rapporteringskrava til skulane skjerpa.
Akkurat som med lærarnorma var det ingenting i vegen med intensjonane. Kven kan vel vera i mot at ein bør ha fleire vaksne i skulen, og at elevar som ikkje opplever meistring skal få betre tilpassa undervisning?
Ingen. Utfordringa er berre at summen av alle statlege krav tar vekk det rommet lokalpolitikarar har for å gjera gode lokale tilpassingar.
Konsekvensen er at Bergen og andre kommunar har måtta bruka langt meir ressursar på skule, uavhengig av korleis behovet er lokalt. Og pengane som staten hadde sett av til dette, vart i stor grad ete opp av pris- og lønnsvekst. Samtidig har akkurat det same skjedd innanfor ei rekke andre sektorar.
Det er nemleg ikkje berre på skulefeltet at det statlege styringstrykket auka markant i same periode.
Ein rapport frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring som vart lagt fram i 2024, konkluderte med at staten sitt samla styringstrykk hadde auka markant frå 2015 til 2024, og at det var ein klar samanheng mellom styringstrykket og den stadig meir krevjande kommuneøkonomien.
Rapporten tar i hovudsak for seg fire kommunale ansvarsområde: Skule, barnehage, eldreomsorg og barnevern. Innanfor alle desse sektorane vert det konkludert med at staten i større grad enn tidlegare legg føringar for kommunane sin aktivitet.
Dette gjer at kommunane i større og større grad er bundne på både hender og føter når det gjeld korleis dei skal utføra tenestene sine.
Det var heller ikkje berre innanfor skule at Bergen kommune tilsette langt fleire folk i perioden 2020 til 2024. Nei, faktisk auka talet på utførte årsverk i heile kommunen med ti prosent i løpet av denne perioden.
Det er ein vekst som kommunen eigentleg ikkje hadde råd til, sidan me veit at veksten berre på skulefelter åt opp store delar av det eigentlege handlingsrommet.
I stor grad ser veksten på andre felt òg ut til å ha skjedd for å møta staten sine forventingar.
Det gjer at det vert enormt krevjande å gjera lokalpolitiske prioriteringar. Pengane strekk rett og slett ikkje til.
I ein periode då Bergen skulle rusta seg for eldrebølga, måtte lokalpolitikarane – anten dei ville eller ikkje – auka ressursbruken på skule. Dei kunne heller ikkje velja om dei ville bruka pengane på betre læremiddel, fleire lærebøker eller andre pedagogiske grep, nei, staten bestemte at det var lærarar pengane skulle brukast på.

Styringstrykk på andre område, gjer at satsinga på å rusta seg for eldrebølga vert slappare enn lokalpolitikarane eigentleg skulle ønska.
Foto: SKJALG EKELAND
For å betra situasjonen for kommunane, har eigentleg Stortinget berre to alternativ.
Dei må anten løyva meir pengar for å gje lokalpolitikarane eit reelt handlingsrom, eller senka forventingane til kommunane.
Begge delar ser ut til å verta ei vanskeleg oppgåve, uansett kven som sit med makta på Stortinget.
Sjølv om regjeringa tidlegare har varsla at dei vil sjå på grep som kan dempa styringstrykket, er det fint lite som vitnar om dette i forslaget til statsbudsjett.
Med eit ganske uverdig unntak. Regjeringa opnar nemleg for at kommunane skal kunna ta med barnetrygda i berekninga når dei målar ut sosialhjelpa til vanskelegstilte barnefamiliar.
Det er altså «berre» for dei som har det aller vanskelegast frå før at regjeringa har tillit til at kommunane kan bestemma meir sjølv.
Det er heller heldigvis ingenting som tyder på at forslaget kjem til å få fleirtal på Stortinget. Det er heilt utenkeleg at SV eller Raudt vil la Arbeidarpartiet la kommunane loppa sosialhjelpsmottakarane for meir pengar.
Eksempelet viser likevel det som er den store utfordringa. Styringstrykket til staten handlar i veldig stor grad om ekstremt gode intensjonar.
Om staten skal gje kommunane meir makt over eigne pengar, vil dei òg måtta svekka rettigheiter eller normer som er laga for å sikra alle eit så likt tilbod som mogleg.
Denne hausten er det berre eitt alternativ: Stortinget må løyva meir pengar til kommunane enn det regjeringa har foreslått.
Likevel kjem dei ikkje unna ein jobb som kan føra til ganske mykje støy. Om ikkje staten lempar på alle krava dei stiller til kommunane, vil det lokale sjølvstyret snart verta ein rein parodi.
Om ein skal sleppa ein eksplosiv vekst i kommunale utgifter framover, må faktisk staten stola på at kommunane i større kan komma fram til gode løysingar heilt på eiga hand.