Sigrid Vetleseter Bøe skal delta på gallakonserten i sjølvaste Carnegie Hall.
Privat foto

Som
kjent har Sigrid Vetleseter Bøe nyleg vunne første pris i den profesjonelle klassen
for songarar (Professional Prize) i årets Manhattan International Music
Competition, og vart dermed invitert til å delta på gallakonserten i sjølvaste
Carnegie Hall i New York laurdag 18. oktober. Du kan lese om prisen i Tidens krav (13. september) og i Driva (14. september).

Sigrid reiste til New
York torsdag, og har no møtt vinnarane i ulike kategoriar. Desse er stort sett
yngre stortalent. Sigrid er einaste profesjonelle songar, og såleis vinnar i sin
prestisjefylte kategori.

På denne scena, ei av dei
mest berømte i heile verda, skal jenta frå Bøfjorden framføre perler frå
operalitteraturen – Musettas arie «Quando m’en vo» frå La Boheme av Puccini,
«Tacea la notte placida» og «Di tale amor» frå Trubaduren av Verdi og «Meine Lippen
sie küssen so heiss» frå Giuditta (Juditha) av Franz Lehar.

Bilde av et program for konsert i Carnegie hall, der Sigrid Vetleseter Bøe er nevnt som den største stjerna.

Privat foto

Et eksklusivt konsertlokale.

Privat foto