Countryartisten Brad Paisley kjem til Ålesund og Sparebanken Møre Arena 11. juni neste år. Det melder konsertarrangøren Momentium.

Konserten blir ein del av artisten som Europaturne. Dette er ein av to konsertar i Noreg. Den andre blir i Hamar.

Paisley har vunne ein rekke prisar og har ei lang karriere bak seg.

– Å få Brad Paisley til Ålesund er stort. Han er i toppsjiktet av amerikansk country, og dette blir ein av dei verkeleg store konsertopplevingane i Noreg i 2026, seier Lars Berg Giskeødegård i Momentium i ei pressemelding.

Han seier at dette er ein artist dei har jobba lenge for å få.

– Vi har hatt mange legender på scenen i Ålesund tidlegare, men Brad Paisley er på eit nivå få artistar matchar i dag.