Då statsbudsjettet i førre veke kom var det utan gratis ferje og fleire kommunar var kutta frå studiegjeldsordninga. Dette var to punkt som Arbeidarpartiet hadde gått på val på, og blei møtt av krass kritikk.

Tysdag kunne Torbjørn Vereide stadfeste til Firda at AP no snur. Dermed blir gratis ferjer og alle dei ordinære kommunane frå studiegjeldsordninga ein del av budsjettet.

Det betyr blant anna at Sunnfjord, Sogndal, Gloppen og Kinn er tilbake som ein del av studiegjeldordninga.

– Nokre gongar går vi på tryne. Dette har vore smertefullt. Det kjennest utruleg godt at vi har fått dette til, seier Vereide til Firda.

Vereide fortel at det har vore ein hard og lang kamp i partiet.

– Dette har utløyst mykje bannskap. Vi har kjempa hardt for å få dette til.